Rådgjevande folkerøysting i Ulvik herad – utlegging av manntal

Apple tree in Vambheim.Foto: Reinhald Kager  - Klikk for stort bilete  

Det vert rådgjevande folkerøysting i Ulvik herad måndag 23. mai 2016, som ein del av arbeidet med kommunereforma.

Røysterett:
Alle som er fødd i 2000 (fyller 16 år i 2016), eller tidlegare kan
røysta. Du må stå i manntalet for å kunna røysta.
 
Utlegging av manntalet til offentleg ettersyn:
Det er utarbeidd eit eige manntal (pr. 1. mars 2016) til folkerøystinga. Med dette vert manntalet lagt ut til offentleg ettersyn på tenestetorget, Ulvik folkebibliotek og Finse stasjon fram til og med 23. mai 2016. Dersom du meiner at du sjølv eller andre ved ein feil er kome med, eller ikkje er kome med i 
manntalet, kan du krevja at valstyret rettar opp feilen. Kravet må vera skriftleg og grunngjeve. 
Klagen kan du senda til: Valstyret i Ulvik , Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik innan 19.mai 2016.
 
Meir informasjon om folkerøystinga vert gjeve etter kvart.
 
 
Valstyret i Ulvik 
Skeiesvegen 3
 
5730 Ulvik
 
Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 15.04.2016