Rådgjevande folkerøysting

Det vert folkemøte om kommunereforma/folkerøystinga tysdag 10. mai kl 19.00 - 21.00 ved Brakanes kurs- og konferansesenter.

Apple tree in Vambheim.Foto: Reinhald Kager  - Klikk for stort bilete

 

Du kan førehandsrøysta i perioden 9. - 21. mai.
 
Røysting:
JA til samanslåing med ein eller fleire av
kommunane Eidfjord, Granvin og Ullensvang.
NEI til kommunesamanslåing.
Du har også høve til å gje ei BLANK røyst.
 
 
Røysterett: Alle som er fødd i 2000 (fyller 16 år i 2016), eller tidlegare kan røysta. Du må stå i manntaletfor å kunna røysta. Manntalet ligg til offentleg ettersyn på tenestetorget, Ulvik folkebibliotek og Finse stasjon.
 
Førehandsrøysting: Tenestetorget (Sentrumsbygget) har utvida opningstider i perioden for førehandsrøysting:
Måndag - fredag kl 08.00 - 15.30
Onsdag 18. mai kl 08.00 - 18.00
Laurdag 21. mai kl 10.00 - 14.00
 
Ambulerande røysting: Har du vanskar med å oppsøkja vallokalet kan du få røysta heime. Ring
tenestetorget for å avtala tidspunkt på tlf. 56 52 70 00. Eller send oss ein e-post med ynskje om tidspunkt til:
postmottak@ulvik.kommune.no, innan 11. mai.
 
Førehandsrøysting Ulvik sjukeheim: Det vert mottak av førehandsrøyster på Ulvik sjukeheim
torsdag 12. mai kl 10.30 - 12.00. (ope for alle).
 
Førehandsrøysting på Finse. Ulvik herad tek imot
f.h.røyster på Finse 1222 fredag 13. mai kl 11.00 - 15.00.
 
Valdag 23. mai 2016. Tenestetorget kl 10.00 - 19.00
Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 28.04.2016