Korleis får eg røysta dersom eg er i karantene/isolasjon?

Ingen som er sjuke kan opphalde seg i røystelokala våre – dette gjeld både for førehandsrøysteperioden og på valtinget.

 

Men ALLE som ønskjer det skal få røyste. Dersom du er i karantene eller isolasjon ber vi deg kontakta Tenestetorget slik at vi kan leggje til rette for trygg og god røystegjeving.  

Førehandsrøysting:

Karantene:
Dersom du er i karantene skal du IKKJE røysta i ordinært vallokale.
Kontakt Tenestetorget for avtale

 

Isolasjon:
Dersom du er i isolasjon skal du røyste heimeifrå.
Kontakt Tenestetorget for å avtala tid.

 

Fristar:
Er du sjuk eller ufør? Ta kontakt med heradet fram til kl. 10 den 10. september om å førehandsrøyste heime.

Er du i karantene grunna covid-19? Ta kontakt med Tenestetorget fram til kl. 10 den 10. september om røystestad.

 

Valdagen:
Dersom du er sett i karantene eller isolasjon på valdagen kan du kontakta heradet innan kl 10 måndag 13. september. Vi vil leggje til rette for at du kan røyste på valdagen 13. september.

 

 

Kontakt Tenestetorget:

Tid: mån- fre 9-14

Telefon 56 52 70 00

post@ulvik.kommune.no

Sist endra 26.08.2021