Veit du at du kan røyste frå og med 1. juli?

Val - Klikk for stort bilete Om du er vekkreist eller av andre grunnar ikkje kan røyste i den ordinære perioden for førehandsrøysting 12. august - 6. september, eller på valdagen 9. september, kan du ta kontakt med oss på Tenestetorget for å gje røysta di frå 1.juli.

 

 

Obs. Dersom du ønskjer å røyste ved både kommunestyrevalet og fylkestingsvalet må du gjera dette samtidig. 

Tidleg førehandsrøystegjeving er eit tilbod for å sikre at alle veljarar som ønskjer det, skal få gje røysta si. 

Periode: 1.juli - 9.august
Stad: Tenestetorget
Tilgjenge: god 

 

Om du bur i utlandet, kan du røyste på førehand frå 1. juli. For meir informasjon sjå valg.no

 

Sjå elles lokal info om valet på heradet sine heimesider.

Sist endra 20.06.2019