Kontrollutvalet skal føra tilsyn og kontroll med den kommunale forvaltninga på vegne av heradsstyret og sjå til at heradet har ein forsvarleg revisjon. "Forskrift om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommuner" er ein viktig basis for kontrollutvalet si verksemd.
Førespurnader til kontrollutvalet
Som innbyggar i heradet kan du vende deg til kontrollutvalet dersom du har generelle innspel eller tips om meir konkrete og moglege kritikkverdige forhold som tema og områder for kontroll eller revisjon.
Det vert likevel gjort merksam på at det i hovudsak er utanfor kontrollutvalet sitt mandat og reglement å behandle henvendingar som m.a. gjeld enkeltsaker, klagesaker, saker som er til behandling i rettsapparatet, usemje i politiske vedtak eller varsel etter Arbeidsmiljølova kap. 2a.
Vi gjer også merksam på at kontrollutvalet berre har plikt til å behandle dei saker som heradsstyret ber dei om, eller der det går fram av kommunelova kapittel 23 og 24. Når det gjeld henvendingar frå andre enn heradsstyret, må kontrollutvalet sjølve vurdere om dei vil prioritere å sjå nærare på det henvendinga tek opp.
Vi gjer også merksam på at kontrollutvalet ikkje er eit forvaltningsorgan som fattar enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Personar som vender seg til kontrollutvalet er ikkje å rekne som part i ei eventuell påfølgjande kontrollsak. Det vil derfor ikkje vere klagerett på vedtak gjort av kontrollutvalet, eller andre partsrettar etter forvaltningslova § 28 knytt til vedtak gjort av utvalet.
Førespurnader kan sendast til sekretariatet for kontrollutvalet
Sekretariat:
Helge Inge Johansen, sekretær for utvalet
Mobil: 402 03 664
Epost: Helge.Inge.Johansen@vlfk.no
Møteprotokoll frå kontrollutvalet 2022/2023