Du er ein del av beredskapen i Norge- eigenberedskap

Dei fleste av oss er heilt avhengige av straum i kvardagen; til oppvarming, ljos, matlaging, varmtvatn og elektriske apparat. Uvèr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange mistar til dømes straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer. Sjangsen er kanskje ikkje så stor, men det kan skje. Då bør du vera forebudd. Med eit lite reserverlager av det du er mest avhengig av – vatn, mat, medisinar og varmekjelder – er du betre rusta for å klare deg sjølv nokre dager.

Sjå sikker hverdag sine heimesider for meir informasjon om eigenberedskap 

Til toppen