Personvernombod


Tore Tellevik  - Klikk for stort bilete

Tore Tellevik er personvernombod for Ulvik herad,Kvam herad, og Eidfjord kommune. Den nye Personopplysningslova, som trådde i kraft den 20.07.2018, krev at det skal utnemnast eit personvernombod mellom anna dersom databehandlinga «…utføres av en offentlig myndighet eller et offentlig organ…»

Dette regelverket er og kjend som GDPR. Regelverket er teken inn i den nye Personopplysningslova.
 

GDPR?

GDPR – General Data Protection Regulation - er ei forordning som er vedteken av EU. Meininga med forordninga er å styrkje personvernet til alle innbyggjarar, óg sikre eit felles regelverk for personvern, i EU/EØS området.

Kva er eit personvernombod?

Personvernombodet skal:

  • Kontrollere at verksemda overheld personopplysningslova.
    • «Ombudet skal kontrollere overholdelsen av personvernlovgivningen og andre relevante regelverk med personvernbestemmelser, samt virksomhetens egne interne retningslinjer for personvern.»
  • Gje råd om vurdering av personvernkonsekvensar
  • Samarbeide med Datatilsynet og ha funksjon som kontaktpunkt – internt og eksternt
  • Bidra til å få oversikt over behandlingane i verksemda

Sjå også Datatilsynet sine nettsider.

Kva betyr det for deg?

Er du tilsett eller leiar og lurar på noko som har med personvern å gjere, så kan du ta kontakt. Personvernombodet kan rådgje og rettleie dykk som tilsette i det daglege arbeidet de gjer. Dette gjeld og dersom eininga eller avdelinga di skal innføre eit nytt system eller ny rutine.

Er du innbyggjar og lurar på noko i samband med personvern, eller om du lurar på kva rettar du har i samband med personopplysningane heradet har om deg, så kan du og ta kontakt. Personvernombodet skal fungera som eit kontaktpunkt mellom deg som innbyggjar og heradet som offentleg instans.

Kontaktinfo

Du er velkomen til å ta kontakt med Tore Tellevik på telefon, epost, brev eller lage avtale for møte.

Epost: personvernombod@ulvik.kommune.no

Tlf mobil: 948 18 381

Tlf kontor: 56 55 30 63

Brev sendast til:

Ulvik herad
v/Personvernombodet
Skeiesvegen 3
5730 Ulvik

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 25.01.2019