Ansvar

Behandlingsansvarleg:  Ulvik herad

Databehandlar: Ulvik herad og systemleverandørar 

Ulvik herad er ansvarleg for innhenting og bruk av personopplysningar som vert gjort via nettstaden www.ulvik.kommune.no, og tilhøyrande publikumstenester.

Avtalar om databehandling mellom Ulvik herad og leverandørane regulerer kva informasjon leverandøren har tilgang til, og korleis han skal behandlast. Avtalane tek i vare personopplysningslova og sikrar at praksis for behandling av personopplysningar er i samsvar med Datatilsynet sine tilrådingar.

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 25.01.2019