Klage

 Om kommunen nektar deg innsyn i opplysningane, får du skriftleg svar med grunngjeving.

Ved avslag på innsyn har du høve til å klaga. Du kan òg klaga om kommunen avslår ønsket ditt om retting eller sletting av opplysningar. Klagefrist er tre veker frå du får kommunen si avgjerd. Du må grunngjeva klagen. Kommunen kan gje deg rettleiing om du har behov for det. 

Send klagen til:
Ulvik herad
Skeiesvegen 3
5730 Ulvik 

Kommunen vil vurdera om det er grunn til å gjera endringar. Dersom avgjerda ikkje vert endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 25.01.2019