Informasjon og Innsyn

Du har som hovudregel rett til informasjon om, og innsyn i opplysningar om deg sjølv. 

  • kva opplysningar som er lagra om deg
  • kva opplysningane skal brukast til
  • korleis kommunen har fått tak i opplysningane
  • kven som har eller har hatt tilgang til opplysningane

Innsynsretten gjeld ikkje dersom:

  • det er nødvendig å halda opplysningane hemmeleg pga. etterforsking av straffbare handlingar
  • tilgang til opplysningane kan føra til livsfare eller alvorlig helseskade
  • det er ikkje tilrådeleg av omsyn til dine familiemedlemmer og ditt forhold til dei
  • i lov eller med heimel i lov er underlagt teieplikt
  • personopplysningane vert berre brukt til intern saksførebuing og ikkje er levert til andre
  • det vil vera i strid med openbare og grunnleggjande private eller offentlege interesser å informera om
  • personopplysningane vert berre nytta til historiske, statistiske eller vitskaplege formål der behandlinga ikkje får noko direkte betyding for deg

Du kan òg be om innsyn i korleis kommunen behandlar personopplysningar generelt og om sikringsstiltak knytt til bruken av dine personopplysningar.

Privatpersoner:
Du kan berre be om innsyn i personopplysningar om deg sjølv,
eigne barn under 15 år og personar du handlar på vegne av med fullmakt.

Kommunen kan ikkje krevja betalt for innsyn i personopplysningar.

Personopplysningsloven kap. 2 (Alminnelige regler for behandling av personopplysningar)
Rett til innsyn (Datatilsynet)
Personopplysningsloven kap 4 (Unntak frå retten til informasjon)
Forvaltningsloven §§ 18 – 18d (Parten sin rett til å gjera seg kjend med dokument i saka)
Helseregisterloven kap. 4 (Informasjon, innsyn, retting, sletting og sperring)
Pasient- og brukerrettighetsloven kap. 5 (Rett til journalinnsyn)

Kontakt kommunen om du ønskjer innsyn, vil endra, sperra eller sletta dei registrerte opplysningane om deg. Du må gje nok opplysningar til at kommunen kan identifisera deg. Blir ikkje opplysningane retta eller sletta, kan du be om at din kommentar blir registrert saman med opplysningane.

Kommunen har plikt til å svara deg raskt og seinast innan 30 dagar. Dersom me ikkje klarar å halda denne fristen, skal du få skriftleg melding med grunngjeving og opplysningar om når me forventar å kunna svara deg.

Kommunen har plikt til å senda personopplysningar til deg på ein sikker måte. Sensitive personopplysningar skal ikkje sendast med vanlig ukryptert e-post.
 

Rett til informasjon og innsyn (Datatilsynet)

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 25.01.2019