Grunnprinsipp

Personvern handlar om retten til eit privatliv og retten til å bestemma over eigne personopplysningar. For å kunna tilby deg gode tenester og utøva myndigheit (gjera vedtak), må me ofte behandla opplysningar om deg.

Me har fleire grunnleggjande prinsipp for korleis me skal handtera dine personopplysningar.

Data om deg skal vera:

  • lovlege, rettferdige, korrekte og behandla med openheit*
  • konfidensielle, verna mot utilsikta endringar og vera tilgjengelege
  • vera samla inn til bestemte formål og ikkje seinare verta brukt på ein måte som er i strid med dette 
  • berre verta brukt for det konkrete formålet, og ikkje lagra lengre enn det som er nødvendig eller pålagt
  • vera oppdaterte

Forslag til vidare lesing:personopplysningsloven og personvernprinsippa 

*Openheit betyr i denne samanheng at bruk av personopplysningar skal vera oversiktleg og forutsigbar for den personen opplysningane gjeld.

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 25.01.2019