Formål

 Formålet med behandlinga er å tilby deg offentlege tenester eller utføra lovpålagte oppgåver. 

Me må ha eit rettslig grunnlag for å kunna behandla opplysningar om deg. Det kan til dømes vera at du har gitt oss samtykkje til å handtera personopplysningane, eller at me skal oppfylla ein avtale med deg. Det kan òg væra nødvendig for at me skal oppfylla ein rettslig forplikting eller utøva offentleg myndigheit (gjera vedtak).

Dersom behandlinga er basert på samtykkje, har du rett til å trekkja det tilbake når som helst.
For sistnemnde grunnlag, kan du i visse tilfelle protestera mot behandlinga.

Personopplysningsloven og personvernforordningen artikkel 6 – 11 og 21 gjev utfyllande informasjon.

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 25.01.2019