Administrativ organisering

org.kart - Klikk for stort bilete

 

Resultateiningsmodellen er ein organisasjonsmodell med to avgjerdsnivå: Rådmann og resultateiningsleiarane. Resultatseiningsleiarane er kommunalsjefar for sine einingar.

Kva er ei resultateining?

Ei resultateining er ei tenesteytande verksemd (til dømes ein skule eller ein sjukeheim) som har fått delegert det fulle ansvar og mynde innafor eige budsjett i arbeidet med å oppnå målsettinga med verksemda.

Ved innføring av resultateiningsmodellen i kommunal organisering er målsettinga å styrke kommunen sin rolle som samfunnsaktør og til ein effektiv ressursbruk og god kvalitet i tenesteytinga. Det er og forventning til at kommunen vert meir vend mot innbyggarane som brukarar og borgarar og få ein større kontaktflate mot private og andre offentlege aktørar.

Resultateiningsprinsippet baserer seg på tanken om ”fridom og ansvar hand i hand” der medarbeidaren er ressursen. Større fridom og ansvar i møte med brukaren vil gje medarbeidarane større rom for fleksibilitet og kreativitet. Prinsippet baserer seg vidare på teamorganisering, medverknad, kompetanseutvikling og resultat.

For at resultateiningane skal fungera etter intensjonen må leiarane for desse ha mynde i alle saker som rører ved personalet, som tilsetjingar, endring av stillingar og oppseiingar.

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 25.03.2021