Rådmann

Rådmannen er øvste administrative leiaren i heradet og skal sjå til at politiske vedtak vert iverksett. Rådmannen skal syte for at kommunen si drift er i samsvar med lov, regelverk og politiske vedtak.

 

Rådmannen har vide fullmakter til å styre drifta av kommunen innanfor dei delegeringar som heradstyret har gitt eller som fylgjer av lov.

Rådmannen og leiarane er heradet si strategiske leiargruppe og skal jobbe for å utvikle heradet i den retninga som heradsstyret vedtek.

Rådmannen og hans stab har kompetanse innan mellom anna økonomi, personal, arkiv, informasjonsteknologi og digitalisering, kulturforvaltning, beredskap, planarbeid og samfunnsutvikling.

Thore Hopperstad
Rådmann
Telefon 400 07 158
Til toppen