Sommarskule 2021- Informasjon til deltakarar i Ulvik, 21 – 25 juni 2021.



sommarskule  - Klikk for stort bilete

No er det meste klart for sommarskule, og informasjon om kva aktivitetar du er meld på finn du på itslearning. Vi har prøvd å legge til rette for at alle skal få plass på det dei ynskjer, til den tida dei har ført opp. Du må sjekke lista, og hugse kva aktivitet du skal på, og til kvar tid.

Alle må vere klare til dagens aktivitet klokka 09.45 på Tennisbana i holmen. Dei aller fleste skal vere med på fotballskule, men kajakk, båttur og sveisekurs startar og dagen der for felles oppstart dei dagane det er aktuelt. Dei som skal på Haugesenteret på måndag møter der klokka 09.45.

De må ha med ei enkel nistepakke slik at de får den maten de skal ha. Vi har ikkje høve til å skaffe mat til alle, ikkje minst med tanke på allergiar, spesielle krav til mat etc. Men det vil vere drikke, frukt og kanskje litt anna snacks kvar dag i pausen. Vi må gå ut i frå at alle har kontroll på kva dei kan ete/drikke.

Til føresette:
Alle aktivitetane er tilpassa dei aldersgruppene vi har informert om på førehand. Kajakk-kursa var populære, så der måtte vi prioritere etter alder, det vil seie at dei eldste fekk plassane. Instruktøren må vere sikker på at deltakarane er trygge i vatn og flinke til å symje.

Fotballskulen har flest av deltakarane, og køyrer sitt opplegg. Eventuelle spørsmål om dette må de ta direkte med Ulvik IL sine representantar.

Om de kan hjelpe borna med å sjå gjennom kva aktivitet dei er med på til kva tid er det til stor hjelp. Andre praktiske ting som klede i høve til vær, mat, solkrem etc er og noko vi må rekne med at de har kontroll på. Som sagt prøver vi å ha snacks (frukt, kjeks) og drikke (vatn/juice) tilgjengeleg, så det er ikkje krise om dei ikkje har med mat, men individuelle behov må ein ta ansvar for sjølv.

Det vil vere eit tryggleiksopplegg for arrangementet, så ved eventuelle uhell vil kan de vere trygg på at vi handterer dette på ein god måte. Vi avsluttar alle aktivitetar individuelt, så vi får ikkje høve til oppteljing og namneopprop på slutten av dagen. Dei borna som treng henting bør avtale oppmøtestad for dette med den som kjem.

 

Spørsmål kan rettast til underteikna på epost.

Tor Schei Hellesnes

Tor.hellesnes@ulvik.kommune.no

Sist endra 18.06.2021