Råd frå Helsedirektoratet: Unngå fritidsreiser

Coronavirus - Klikk for stort bilete Ulvik herad ber om at våre innbyggjarar ikkje reiser til hytte/feriebustad i den perioden nasjonen Norge og resten av verda står oppe i no. Dette gjeld reiser til alle hytte- og fritidsområder og større vinterdestinasjonar, som ofte har svært avgrensa helseteneste. Me viser elles til at Helsedirektoratet rår frå alle fritidsreiser, både innanlands og utanlands.


Tiltaket er sett i gong for å hindra vidare smittespreiing nasjonalt og internasjonalt. Me ynskjer ikkje at folk nyttar fritidshusværa sine i denne perioden men held seg heime der dei bur og har sine helsetenester. Det generelle rådet no er at ein held seg i heimen og at ein unngår meir kontakt med andre enn det som er naudsynt. Det er viktig at ingen utset seg sjølv eller andre for unødig risiko og fare.

Sist endra 19.03.2020