Oppdatert om koronavirus. (11.mars)

Coronavirus - Klikk for stort bilete  Helsestyresmaktene har tysdag kveld kome med nye nasjonale råd, knytt til offentlege arrangement og samling av folk.

Helsestyresmaktene anbefaler no at alle arrangement som er venta å samla 500 personar eller meir innandørs, vert utsett eller avlyst. Dette gjeld også utandørs arrangement med seteplassering.

Planlagt arrangement?
Når det gjeld arrangement lokalt i Ulvik, med deltakartal mellom 100 og 500 deltakarar: Ta kontakt og drøft med kommuneoverlegen. Arrangør skal gjera ei risikovurdering som skal godkjennast av kommunen før arrangementet. Send denne til kommuneoverlegen på e-post postmottak@ulvik.kommune.no .

Ved mindre enn 100 deltakarar, vurderer arrangøren sjølv.

For alle arrangement gjeld å ha:

  • gode fasilitetar for handvask,
  • ​oppslag om hoste- og handhygiene 
  • og at alle småsjuke held seg heime

Infoplakat -  (PDF, 98 kB)

Oppdatert informasjon om dei nye nasjonale råda, med skjema for vurdering finn du på Folkehelseinstituttet sine sider.

- Me legg til grunn at alle aktørar i Ulvik herad fylgjer desse tilrådingane, seier kommuneoverlege Unni Solem. 

 

Om smitte, testing og karantene

Helsetenestene får mange spørsmål kring koronaviruset (covid-19), både om testing og isolasjon. Ulvik herad fylgjer tilrådingane frå Folkehelseinstituttet, FHI. Dette gjeld alle, både vaksne og born.

 

Er du helsepersonell som jobbar med pasientar gjeld i tillegg dette:
Har du vore i område med utbrot av smitte, hald deg vekke frå arbeidsplassen i 14 dagar. Dette for å unngå mogleg smitte av pasientar og andre tilsette. Du treng ikkje isolera deg.

Frå 8. mars gjeld også at helsepersonell som opplev symptom og har vore i utlandet skal testast, uavhengig av kva land dei har besøkt. 

Har du pårørande som bur på ein institusjon / sjukeheim gjeld i tillegg dette:
Utsett besøk til dine pårørande som bur på ein institusjon / sjukeheim dersom du siste 14 dagar har vore i område med utbrot av smitte, har vore i direkte kontakt med andre med stadfesta smitte eller har hatt symptom på luftvegsinfeksjon siste 14 dagar er Helsedirektoratet si oppmoding. 

Meir informasjon

Du finn ytterlegare informasjon og konkrete råd om koronaviruset på nettsidene til Folkehelseinstituttet fhi.no og helsenorge.no

Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på, kan du ringe informasjonstelefonen for Koronasmitte på telefon 815 55 015.

Dersom du trur du er smitta, ring fastlegen din.

Om du ikkje får tak i fastlegen, ring legevakt på 116117

Sist endra 12.03.2020