Korona-situasjonen – Ulvik herad informerer, oppd. 13.3 kl. 12:

info.jpg - Klikk for stort bilete I tråd med pressemelding frå Regjeringa 12.mars kl 14 informerer Ulvik herad med dette om fylgjande tiltak og råd til våre innbyggjarar og andre som oppheld seg i heradet:


 
• Alle i karantene skal innretta seg etter gjeldande karantenereglar.

• Ein anmodar om at våre innbyggjarar ikkje reiser til hytte/feriebustad i denne perioden, Dette gjeld for alle hytte- og fritidsområder og større vinterdestinasjonar, som ofte har svært avgrensa helseteneste. Me viser elles til at Helsedirektoratet rår frå alle fritidsreiser, både innanlands og utanlands. Me ynskjer ikkje at folk nyttar fritidshusværa sine i denne perioden men held seg heime der dei bur og har sine helsetenester. 

• Det generelle rådet no er at ein held seg i heimen og at ein unngår meir kontakt med andre enn det som er naudsynt. Det er viktig at ingen utset seg sjølv eller andre for unødig risiko og fare.

• Besøk til sårbare grupper skal avgrensast til eit minimum.

• Ulvik omsorgstun vert frå i dag fredag 13.03.20 stengt for alle besøkjande. Aktivitetsavdeling, dagavdeling, frisør og fotterapeut vert også stengt.

• Overnattingsstader skal leggja til rette for å ivareta gjester i karantene.

• Verksemder med matservering skal avgrensa tilgang til felles serveringsbestikk, maskiner og behaldarar for tilbehør.

• Utestader, serveringsstader, forsamlingslokale og arenaer utan plasstildeling skal leggja til rette for at alle kan halde EIN meter avstand til andre i heile lokalet eller på heile arenaområdet. 

• Brakanes skule vert stengt frå skuleslutt torsdag 12.mars 2020 og inntil vidare, jf. statleg vedtak. Det vert jobba med å få på plass læring heimafrå, i ei eller anna form. Meir info om dette kjem på It’s Learning. 

• Ulvik barnehage vert stengd etter normal stengetid torsdag ettermiddag den 12.mars 2020 og inntil vidare, jf. statleg vedtak. Deler av barnehagen vert halden open for å sikre tilgang til  helsepersonell og andre i samfunnskritiske funksjonar. 

• Tenestetorget er stengt for besøkjande, førebels i perioden 13.03 – 26.03, telefonen er open i denne perioden, kl 9 – 14.

• Biblioteket er stengt, førebels i perioden 13.03 – 26.03.

• Sentrumsbygget/sentraladministrasjonen vert stengt for publikum frå og med 16.03.2020 og inntil vidare.

• Alle kulturarrangement, symjehallar, idrettsanlegg, treningsstudio, etc. er no stengt, jf. statleg vedtak den 12.03.2020. Sjå meir info om dette på www.fhi.no, www.helsenorge.no og www.regjeringen.no. 

• Alle møter og avtaler i kommunal regi vert avlyst, førebels i perioden 13.03 – 26.03. • Alle med symptom på luftvegsinfeksjon skal halda seg heime.

• Tiltak vert vurdert fortløpande.

• Tiltaka vert innført med heimel i smittevernlova § 4-1 og statleg vedtak av 12.03.2020. 


Når det gjeld barn opp til 12 år med ein eller begge foreldre i samfunnskritisk funksjon, her under helsepersonell, brann og redning, vassforsyning, el-forsyning, m.v.; ta kontakt med rektor Rigmor Hanssen på Brakanes skule, tlf. 4000 7153 eller styrar i barnehagen Solgunn Wiik Bjørke, tlf. 4000 7140. 
 

 

Sjå også her (PDF, 137 kB)

Etter reiser utenfor Norden (PDF, 450 kB)

 

Rådmannen

Sist endra 17.03.2020
Artikkel (1)