Korona-situasjonen – Ulvik herad informerer – Informasjonsark nr 2 – 15.03.2020

info.jpg - Klikk for stort bilete Situasjonen vedk korona er i rask utvikling, og både internasjonalt og nasjonalt kjem det stadig nye føringar og pålegg for styresmaktene. Dette vil og påverke lokale tiltak og pålegg. Me kjem til å legge ut infoark som dette ved behov. Tidlegare tiltak og pålegg gjeld framleis, med mindre det er presisert. Nytt no er:

 

  • Heradet har utvida telefontid måndag til fredag, frå kl 09:00 til kl 17:00, tlf.nr 56 52 70 00.
  • Det er vedteke statleg forskrift med forbod mot å opphalde seg på hytte og feriebustad i og utanfor Norge. Dette gjeld alle typar fritidsbustad og er ikkje noko heradet kan gi dispensasjon frå.
  • Innbyggjarar frå Ulvik som framleis oppheld seg på hytte/feriebustad eller utanlands vert sterkt anmoda om å snarast vende heim og halde seg heime, jfr ny forskrift frå Regjeringa.
  • Heradet omdisponerer personell internt, ut frå kva me ser oss nøydd til å prioritere. Dette vil bety at enkelte oppgåver/funksjonar vert prioritert ned.
  • Dei som driv med Airbnb i heradet har ikkje lov til å ta inn gjester. Dette heng saman med ny forskrift om forbod mot å nytte hytte eller feriebustad og retten til å vise bort utlendingar utan opphalds-tillatelse.
  • Me registrerer no via sentralbordet (sjå eigen info på våre sider) alle som bur i heradet som har:
  • Kompetanse/erfaring innan helsefag
  • Alle som er i heimekarantene
  • Alle som har kome heime frå reise i utlandet siste 14 dagar
  • Innbyggjarar som vil vere frivillige mtp å handle og gjere ærend for andre, som ikkje kan
  • Innbyggjarar med behov for hjelp
  • Informasjon til dei som me ikkje reknar med brukar data vil verta sendt ut via lokalt rodesystem.
  • Fysioterapitenesta vil no verta redusert f.o.m 16.03.2020, men slik at nødvendig individuell behandling framleis vert gitt.
  • Sentrumsbygget/sentraladministrasjonen vert stengt f.o.m. 16.03.2020. Legekontoret er ope.
  • Tilsynstilbod på skule/barnehage gjeld kun barn der
  • Det er eit utvida omsorgsbehov (avlastning nokre timar etter individuell vurdering frå heradet)
  • Begge foreldra innehar definerte konkrete samfunnskritiske funksjonar lokalt/regionalt
  • Elevar som evt ikkje får gått opp til eksamen grunna korona-situasjonen får uansett godkjend utdanninga.
  • Foreldrebetaling for barnehage og SFO fell bort frå og med 13.mars 2020 og fram til me opnar opp att.
  • Generelle henvendingar omkring beredskapssituasjonen for Ulvik herad rettast til rådmann Thore Hopperstad på tlf 4000 7158.
  • Medisinske spørsmål skal rettast til helsesjukepleiar Gunnlaug Lekve på tlf 4000 7143.
  • Alle møter og avtalar i kommunal regi er avlyst, førebels i perioden 12.03-26.03.
  • Dei fleste tilsette i heradet har no heimekontor. Sakshandsamarar kan framleis nåast på sine vanlege telefonnummer (sjå www.ulvik.kommune.no). Det vert kun unntaksvis gjennomført fysiske møter.
  • Ved behov for møter internt i eller med heradet vil desse i størst mogleg grad føregå via telefon eller digital løysing.
  • Frist for søknad om støtte frå næringsfondet er utsett til 1.juni 2020.
Sist endra 15.03.2020
Artikkel (1)