Kongebesøket 19.6.19

Ankomst kongeparet 2Fotograf Arturas gailius.jpg - Klikk for stort bilete Dagen då kongeparet vitja Ulvik, vil for lang tid verta hugsa som ein stor dag for bygda.


 

Skulemusikken spela Kongeskipet Norge inn til kai denne vakre ettermiddagen, der havnesjef tok imot dei før dei mottok blomar frå to elevar frå Brakanes, og Ordførar og Politimester helste dei velkommen. Deretter køyrde kortesjen med Kongeparet, Fylkesmannen og Ordføraren langs Frukt og siderruta til folkefesten som venta dei på Hjeltnes.

Ved ankomst Hjeltnes Produksjonsskule helste Kongeparet på lokale utstillarar. Etter dette var det talar ved Ordførar, leiar for Haugesenteret og H.M Kong Harald, og musikalske innslag frå kulturskulen og skulemusikken. Før avreise planta H.M. Dronning Sonja eit eiketre på gardsplassen.

Kongeskipet køyrde ut rundt kl.23:00, etter ein middag med lokale smakar på Brakanes Hotel, der representantar for lokalt næringsliv og lag og organisasjonar deltok.

Kongeparet er opptekne av å møta menneske og programmet vart lagt opp til at dei skulle vera nær publikum, noko publikum fekk glede av og sette stor pris på.

Heradet vil takka alle innbyggjarar og tilreisande som har vore med på å laga ei fantastisk ramme rundt kongebesøket.

Ankomst kongeparet 2Fotograf Arturas gailius.jpg Avreise Hjeltnes kongeparet. Foto Arturas Gailius .png Hjeltnes Foto Thore Harring Hopperstad  .jpg Ankomst kongeparetFotograf Arturas Gailius.png Kongeskipet. Fotograf Thore Harring Hopperstad .jpg KulturskulenFotograf Thore Harring Hopperstad .jpg Polden. Foto Thore harring Hopperstad .jpg Kulturskulen BoblaFotograf Thore Harring Hopperstad .jpg Ankomst Kongeskip. Foto Harald G. Johnsen.jpg Hardanger Produksjonsskule. Foto Harald G. Johnsen.jpg HMDronningaFoto Harald G.Johnsen.jpg Møte PoldenFoto Harald G. Johnsen.jpg Ordførar og konge Kongebesøk 19.06.19. Foto Harald G. Johnsen  (6).jpg Folkefest Hjeltnes Foto Harald G.Johnsen.jpg Planting av Eiketre HM DronningaFoto Harald G.Johnsen.jpg

 

 

 

Foto: Arturas Gailius, Harald G. Johnsen og Thore Harring Hopperstad 

Sist endra 20.06.2019