Om Ulvik

Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur – og friluftsliv heile året. I tillegg er det eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med Ulvik Poesifest,Olav H. Hauge- senteret, fiskefestival og blueshelg – og mykje meir! Heradet har eit godt utbygt tenestetilbod. Du får tilbod om barnehage – og SFO-plass om du ynskjer.

Kva ventar deg i Ulvik?

 

•fin natur frå fjord til fjell •satsing på helse og poesi •kort veg til tenestene •oversiktleg samfunn med urban karakter •ikkje bilkøar •gode oppvekstvilkår for born •gode omsorgstenester •kort veg til Voss og Bergen    

   Ulvik fra Vestrheim. Foto: Reinhold Kager  - Klikk for stort bilete

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 20.08.2015