Prosjektleiar - Ulvik herad og Eidfjord kommune

Illustrasjon ledig stilling - Klikk for stort bilete

Vil du vere med og utvikle framtidas reiseliv inst i Hardanger? 

Ulvik herad og Eidfjord kommune skal gjennomføre eit tre-årig prosjekt for å styrke lokale arbeidsplassar i reiselivet, og bidra til at dei lokale reiselivstilboda er betre tilpassa endringane i reiselivet etter koronapandemien.

Me søkjer etter ein ivrig prosjektleiar som saman med lokale aktørar gjennomfører omstillingsprosjektet dei kommande tre åra, og når målsetnaden om trygge og stabile arbeidsplassar og fleire heilårs arbeidsplassar i reiselivet.

Som prosjektleiar skal du:

  • Gjennomføre aktivitetar og samarbeidstiltak for fleire og meir attraktive tilbod utanom hovudsesong
  • Jobbe for eit betre kollektivtilbod og anna infrastruktur som gjev reiselivet meir berekraftig
  • Etablere samarbeidområde og møteplassar for reiseliv og anna næringsliv
  • Bidra til at tilrettelagde natur- og friluftstilbod blir meir tilgjengelege for innbyggarar og for tilreisande gjester
  • Etablere eit tettare samarbeid med utdanningsinstitusjonar og andre aktørar som over tid gjer det enklare å rekruttere tilfredstillande kompetanse

Kven er du?

Vi ser for oss at du har eit sterkt engasjement for berekraftig utvikling i reiselivet, og moglegheitane lokalt. Du trivs med folk, og er flink til å bygge relasjonar og nettverk. For å lukkast med prosjektet må du

  • Vere resultatorientert
  • Ta beslutningar, få ting til å skje
  • Vere strukturert og sjølvstendig
  •  Ha gode samarbeidseigenskapar
  • Ha kjennskap til regionen
  • Ha god digital kompetanse
  • Vere god på skriftleg og munnleg framstilling

Du har bakgrunn frå:

  • Prosjektleiing, gjerne innanfor reiseliv eller anna næringsliv
  • Relevant utdanning på høgskulenivå
  • Anna relevant erfaring frå reiseliv

Dersom du vil vere med å utvikle eit internasjonalt reisemål, og vil vite meir om prosjektet tar du kontakt med nærings- og reiselivssjef i Ulvik herad, Mona H Hellesnes, mona.hellesnes@ulvik.kommune.no, tlf 40 00 71 96

Søknadane vil bli vurdert fortløpande. Søknadsfrist 29. januar 2023.

søk elektronisk her og merk med saksnummer 22/950

Ulvik herad, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik, postmottak@ulvik.kommune.no

Til toppen