Me søkjer deg som har eit hjarte for eldreomsorg og er opptatt av å gi gode dagar til våre bebuarar. Du vil delta i stell og pleie. Arbeidstid er dag og kveld kvar tredje helg, eventuell tilpassing etter eige ynskje.
Oppstart: Snarast
Søknadsfrist: Snarast
Tilsetjingstilhøve: Fast
Søk elektronisk her Merk søknaden med saksnr. 23/978
Oppgåver:
-Pleie og miljøarbeid
-Matservering
-Bidra til å skapa gode dagar til våre bebuarar
-Bidra til et godt arbeidsmiljø
-Medansvarleg for dokumentasjon
Ynskja kvalifikasjonar:
-Me søkjer deg som er positiv, har godt humør og bidrar til et godt arbeidsmiljø
-Du er løysingsorientert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
-Det er ynskjeleg med erfaring frå pleie- og omsorg
-Søkjar må kunne legge fram politiattest etter helse og omsorgstenestelova §5-4
Me kan tilby:
-Løn etter gjeldande tariff
-Arbeidsplass i nye moderne lokalar
-Ein jobb i verdast vakraste bygd
-Arbeidstakar blir tilsett i heradet på dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Om arbeidsgjevar:
Helse og omsorg i Ulvik herad er ei eining med om lag 50 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, og dagtilbod. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hjå oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn
Om Ulvik:
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og inviterer til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .
Kontaktperson:
Caroline Fleten
Avdelingssjukepleiar heimebaserte tenester
40007184| caroline.fleten@ulvik.kommune.no