Ledige stillingar på Brakanes skule

Skulen har ledige lærarstillingar  med tilsetjing frå 01.08.2024

 

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Kontaktlærar
  • Faglærar
  • Fagarbeidar  
  • Vikartimar v/behov

 

Søknadsfrist 10.04.2024

Kvalifikasjonar

Me lyser etter undervisningspersonale som har grunnskulelærarutdanning eller annan faglærarutdanning.

Aktuelle fag/praksis: Norsk, matematikk, tysk/fransk, kunst og handverk, mat og helse, musikk, spesialundervsining og særskilt norskopplæring.

 Personlege eigenskapar

Me søkjer etter deg som kan samarbeida i team, ynskjer å læra av og med andre, er utviklingsorientert, har positivt elevsyn, har humor og god relasjonskompetanse.

 Søknad skal fyllast ut elektronisk:

Søknadskjema

 

Merk søknad til Kontaktlærar/Faglærar med saksnr: 24/300

Merk søknad til Fagarbeidar/Vikar med saksnr: 24/301

Om skulen:

Brakanes skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 139 elevar. Skulen sin visjon er Kunnskap, Glød og Glede. Skulen legg vekt på læringsleiing og arbeider for å få eit læringsmiljø fritt for mobbing og krenkingar. Alle elevar har iPad/PC, og skulen har ei langsiktig satsing på bruk av digitale verktøy, leselos, positivt læringsmiljø og inkluderande skulemiljø.

 

Me hjelper gjerne med å skaffe bustad. Løn og arbeidstid følgjer sentrale avtaler.

 

 Spørsmål om stillingane på Brakanes skule kan rettast til rektor

Anne Hjelmevoll,

Mail: anne.hjelmevoll@ulvik.kommune.no

Mobil:  40007172.

Til toppen