Ledige stillingar i Ulvik Barnehage

Ulvik barnehage har ulike stillingar ledige som:

  • Barnehagelærar/pedagogisk leiar
  • Fagarbeidar
  • Ekstra ressurs

 

Søknadsfrist : 10. april, 2024

Tilsetjing frå 12.08.2024

Kvalifikasjonar

Er du barnehagelærarar, fagarbeidar, assistent er du velkomen som søkjar.

 Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Me søkjer etter deg som kan samarbeida i team, kan kommunisera godt med barn, kan arbeide sjølvstendig, ynskjer å læra av og med andre, er utviklingsorientert, har positivt barnesyn, har humor og god relasjonskompetanse.

 

 Søknad skal fyllast ut elektronisk:

Søknadskjema

Merk søknad til Barnehagelærar/Pedagogisk med saksnr: 24/297

Merk søknad til Fagarbeidar/Ekstra Ressurs med saksnr: 24/298

 

Om barnehagen

Ulvik barnehage ligg på Lekve, ca to km. frå Ulvik sentrum. Her er eit stort og flott uteområde, med tilgang til eit rikt nærmiljø med både natur- og kulturopplevingar.

Me har fire avdelingar, to småborns- og to storbornsavdelingar, med til saman rundt 60 born.

Ulvik herad er ein heilskap og barnehagen er ein viktig del av denne. Barnehagen skal tilby dei yngste innbyggjarane ein god samspels- og utviklingsarena. Det faglege nivået i barnehagen skal vera høgt, og me arbeider for at personalet får utvikla og byggja på den faglege kompetansen sin.

 

Hovudsatsing  for barnehagen er inkluderande barnehagemiljø og berekraft. Målet til Ulvik barnehage er også «Ein stad der alle trivast»

 

Spørsmål om stillingane i barnehagen kan rettast til styrar

Sonja Haugland

Mail: sonja.haugland@ulvik.kommune.no

Mobil: 40007140

Til toppen