Om stillinga
Vil du vera med og forma ei god avdeling til det beste for pasientane våre? Er du fagleg engasjert og opptatt av å levera kvalitet i det du gjer?
Då er dette jobben for deg!
Oppgåver
- Stell, pleie og omsorg, samt rettleiing i hjelp til sjølvhjelp overfor brukar/pasient.
- Praktiske gjeremål i avdelingane
- Turnus med arbeid annakvar eller kvar tredje helg.
Ynskja kvalifikasjonar
- Du er ansvarsbevisst, sjølvstendig og har evne til å ta avgjerdsler basert på fagleg kompetanse.
- Du er fleksibel og serviceinnstilt med god evne til samarbeid og kommunikasjon.
- Du jobbar effektivt, strukturert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Søkjarar må kunne legge fram politiattest etter helse og omsorgstenestelova §5-4
Me kan tilby
- Løn etter gjeldande tariff
- Arbeidsplass i nye moderne lokalar
- Ein jobb i verdast vakraste bygd
- Dyktige kollegaer
- Høve til fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Ein trygg og god arbeidsstad
- Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg- og personleg utvikling
Om arbeidsgjevar
Helse og omsorg i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, og dagtilbod. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Vi har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .
Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)
Søk elektronisk her
Merk med saksnr: 23/131
Kontaktperson
Torstein Kvåle Hellesnes
Ass. Kommunalsjef helse og omsorg.
4000 7136 | torstein.hellesnes@ulvik.kommune.no