Ledig vikariat som helsesjukepleiar, 100%

Ulvik Herad, avdeling helse og velferd, har ledig vikariat som fagleg leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta frå 01.06.2024 til 01.04.2025, då vår helsesjukepleiar skal ut i permisjon. 

Søknadsfrist 05.03.2024

Me søkjer etter deg som har/er: 

  • Er autorisert helsesjukepleiar, 
  • Dersom det ikkje skulle vera kvalifiserte søkjarar til stillinga med vidareutdanning som helsesjukepleiar, kan off.godkjendt sjukepleiar konstituerast 
  • Ønskjeleg med relevant erfaring frå helsestasjon og/eller skulehelsetenesta
  • Har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
  • Gode IKT kunnskapar
  • Har sertifikat på bil.
  • Er ansvarsbevisst, sjølvstendig og har evne til å ta avgjerdsler basert på fagleg kompetanse.
  • Er fleksibel og serviceinnstilt med god evne til samarbeid og kommunikasjon.
  • Jobbar effektivt, strukturert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
  • Tilsettinga krev tilfredsstillande politiattest  for arbeid med born og unge

 

Dine arbeidsoppgåver:

  • Arbeid på helsestasjon, barne og ungdomskule, helsestasjon for ungdom og. Hardanger Produksjonsskule, i tråd med gjeldande lover, forskrifter og nasjonalfaglege  retningslinjer knytt til helsefremmande og førebyggjande arbeid

samarbeid med ulike instansar på individ og systemnivå

  • Sikre god dokumentasjon og kvalitet iht lovverk
  • Skapa forutsigbarheit, tryggleik og fagleg struktur i pasientforløp.
  • Tverrfagleg samarbeid 
  • Koordinator for ansvarsgrupper
  • Vaksinekoordinator
  • Lista er ikkje utømmande

 

Me tilbyr:

- dyktige kollegaer i helseavdelinga  
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø, tett samarbeid med legekontoret.
- ein trygg og god arbeidsstad
- høve til å påverka din eigen arbeidskvardag
- ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg- og personleg utvikling. Stillinga er plassert i avdeling helse, med kommunelegen som avdelingsleiar

 

Om arbeidsgjevaren:

Ulvik herad  kan tilby barnehageplass, firmahytte og gode avtalar ved Ulvik treningssenter. Me kan hjelpa til med å skaffa bustad.

Ulvik herad er oppteken av å reflektera mangfaldet i befolkninga og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, nedsett funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Ynskjer du unntak frå å stå på offentleg søkjarliste, skal dette grunngjevast i søknaden. Du vert varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følgje. Politiattest jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4 må framleggast ved tilsetting.

Tilsetting vil skje på dei vilkåra og med dei pliktene som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtalar. Løn etter tariff.

 

Søk elektronisk via heimesida til Ulvik herad
Merk med saksnr. 24/30

Dersom du har spørsmål om stillinga, ta kontakt med kommunelege Unni Solem,

Tel: 40007135.

Til toppen