Ledig stilling som Avdelingsjukepleiar - heimebaserte tenester 100%

Ulvik omsorgstun søkjer etter ny leiar for heimebaserte tenester.

Søknadsfrist 4.juni.

 

Som avdelingssjukepleiar kjem du til å inngå i leiargruppa til kommunalsjef for helse og omsorg. Du vil ha ansvar for heimebaserte tenester, inkludert heimehjelp.

Heimebaserte tenester er plassert på Ulvik omsorgstun og jobbar tett med sjukeheimen. Personalet jobbar på tvers av dei ulike avdelingane.

Søk digitalt og bruk saksnummer: 23/302

 

Oppgåver

  • Ansvar for dagleg drift: Organisering og planlegging av arbeidskvardagen. Sikre nok bemanning med rett kompetanse.
  • Syte for at me tilbyr tenester med høg kvalitet og i tråd med lovkrav og lokale føringar. 
  • Planlegging av arbeidstid inkludert arbeid med årsturnus, arbeidsplan, bemanningsplan og ferieavvikling
  • Bidra i prosessar for å rekruttere og tilsetje
  • Personalansvar og fagansvar
  • HMT og kvalitetsarbeid
  • Samarbeid med tillitsvalde og verneombod
  • Systemansvar
  • Vera ein synleg og motiverande leiar
  • Sjukepleiefaglege oppgåver i drift

Lista er ikkje uttømmande

 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Sertifikat klasse B (for sjukeheim er dette ikkje eit krav)
  • Du er fagleg sterk og har evne til å motivere og rettleie tilsette
  • Du jobbar effektivt, strukturert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er fleksibel og serviceinnstilt med god evne til samarbeid og kommunikasjon.
  • Leiarutdanning eller leiarerfaring er ynskjeleg men ikkje eit krav
  • Kompetanse på turnusplanlegging og arbeidstid er ynskjeleg
  • Gode IT kunnskapar

Søkjarar må kunne legge fram politiattest etter helse og omsorgstenestelova §5-4

 

Me kan tilby

  • Ein spanande jobb der du får utfordra deg sjølv og bidra til å finne gode framtidsretta løysingar for helse og omsorgstenestene
  • Arbeid på dagtid, utan helgebelastning
  • Kontor i nytt flott lokale
  • Ein triveleg arbeidsplass i verdas flottaste bygd
  • Løn etter avtale og kompetansenivå

 

Om arbeidsgjevar

Helse og omsorg i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, samt dagtilbod. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hjå oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.

 

Om Ulvik

Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Ulvik, Perla i Hardanger.

Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterer til friluftsliv heile året. Vi har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, symjehall og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .

Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)

 

Kontaktperson

Stabssjef Anette T. Hjeltnes, epost anette.t.hjeltnes@ulvik.kommune.no, tlf 400 07 118.  

Søknadsfrist for stillingane: 04.06.2023

Til toppen