Ledig fast stilling som sjukepleiar - 100% eller storleik etter ynskje. 2.gongs lysing

Ulvik herad har ledig fast stilling som sjukepleiar ved Ulvik omsorgstun. Som sjukepleiar hos oss jobbar du kombinert både inne på sjukeheim og ute i heimesjukepleien. Omsorgstunet ligg i nye flotte lokalar rett ved fjorden. Stillinga er i utgangspunktet 100% med vakter etter oppsett arbeidsplan, og arbeid kvar tredje helg. Frå 2024 vil det bli høve til langvakter på helg, med arbeid kvar 4. helg! Arbeidstid er dagvakt og kveldsvakt samt beredskapsvakter på natt. Storleiken kan tilpassast søkaren sine ynskjer og behov.

Søknadsfrist 30.september 2023

Oppgåver

  • Utøve sjukepleie til bebuarar på sjukeheim og tenestemottakarar i heimesjukepleien
  • Sjukepleiefagleg ansvar
  • Dokumentasjon og kvalitetsarbeid
  • Rettleiing av andre
  • Tverrfaglig samarbeid

Ynskja kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Sertifikat klasse B
  • Du er ansvarsbevisst og kan ta sjølvstendige faglege avgjersler i ein travel kvardag
  • Du jobbar effektivt, strukturert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel og serviceinnstilt med god evne til samarbeid og kommunikasjon
  • Relevant vidareutdanning og/eller erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Me vil legge vekt på at du er personleg eigna til stillinga
  • Søkjarar må kunne legge fram politiattest etter helse og omsorgstenestelova §5-4

Me kan tilby

  • Lønn etter tariff og 12 000,- i rekrutteringstillegg
  • Arbeidsplass i nye moderne lokalar
  • Ein jobb i verdast vakraste bygd
  • Årsturnus med høve til å påverke eigen arbeidsplan 
  • I turnus 2024 vil det bli høve til langvakter på helg, med arbeid kvar fjerde helg!

Om arbeidsgjevar
Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, skulehelseteneste og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, og dagtilbod. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.

Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterer til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .

Søk elektronisk her
Merk søknad med saksnr. 23/697

Kontaktperson
Torstein Kvåle Hellesnes 
Kommunalsjef helse og velferd
4000 7136 | torstein.hellesnes@ulvik.kommune.no

Til toppen