Ledig 100 % stilling som reinhaldar i heradet.

Samfunn og plan har ledig ein 100% stilling som reinhaldar i heradet. Oppstart snarast.

 

 

Oppstart: Snarast

Søknadsfrist: 24.04.2024

Tilsetjingstilhøve: Fast

 

Om stillinga

Stillinga er ein 100 % stilling, der dei daglege oppgåvene vert styrt av leiande reinhaldar. Det meste av arbeidet ordinære reinhaldsoppgåver på skule, omsorgstun, barnehage og andre kommunale bygg. I utgangspunktet er alt reinhald på dagtid, men ein må ta høgde for ein viss fleksibiliet ved særskilte høve. Oppmøteplass er på Braknes skule eller ved andre kommunale bygg etter avtale.

 

 

Oppgåver

·         Dagleg reinhald

·         Hovudreingjering (rundvask, golvpleie etc.) etter avtale/plan

·         Vask av vindauge etter oppsett plan

·         Golvpleie

·         Reinhald og lett vedlikehald av rengjeringsmaskiner

·         Andre oppgåver ved behov

 

Ynskja kvalifikasjonar

·        Du har fagbrev som reinhaldar. Relevant erfaring osv kan kompensera for manglande

formell utdanning.

·        Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.

·        Førarkort klasse B.

 

 

 

Eigenskapar

·        Har god kommunikasjons og samarbeidsevner 

·        Er oppteken av kvalitet og fagutvikling 

·        Evner å jobba strukturert og systematisk 

·        Er løysningsorientert, meistrar uføre sette hendingar 

·        Har evne til å strukturera og koordinera arbeidet i ein hektisk kvardag 

·        Likar å omgå ulike aldresgrupper 

 

 

Me kan tilby

·         Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 

·         Arbeid i ei verksemd i utvikling, og moglegheit til å vera med å påverka 

·         Løn etter gjeldane avtalar 

·         Løn etter gjeldande tariff

·         Ein jobb i verdast vakraste bygd

 

 

Om arbeidsgjevar

Samfunn og plan i Ulvik herad har ansvar for reinhald av kommunale bygg. Reinhald har ein eigen leiande reinhaldar som tar seg av dei praktiske utfordringane og organiseringa i det daglege. Personalansvar ligg til kommunalsjef. Samfunn og plan har om lag 20 tilsette fordelt på reinhald, utedrift og merkantile stillingar. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.

 

Om Ulvik

Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.

Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Vi har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .

Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)

 

Send elektronisk søknad her Merk søknaden med saksnr. 24/289

 

Kontaktpersonar

Trygve Vik

Kommunalsjef samfunn og plan

4000 7186

trygve.vik@ulvik.kommune.no

Camilla Hole

Leiande reinhaldar

4000 7175

camilla.hole@ulvik.kommune.no

 
Til toppen