Ulvik herad skal etablera ei lokal eining som er tett på til det beste for born, unge og familiane deira.
Ulvik skal starta eige barnevernteneste frå 01.01.25. Tenesta skal ligga under Spira, som er ei nyoppretta eining. Denne eininga vert sett saman av barnevern, helsesjukepleiar, PPT, BTI-koordinator, barnekoordinator og andre aktuelle tenester. Tenesta skal jobba førebyggjande til det beste for born, unge og familiar. Tenesta skal ha tverrfagleg kompetanse og engasjement for born, unge og familiar som treng hjelpa vår.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene dine vil vere å arbeida førebyggjande i eit tverfageleg team med hovudvekt på sakshandsaming innan kjernebarnevern.
Kvalifikasjonar
Me søkjer etter:
Deg som ynskjer og ser verdien av eit tverrfagleg samarbeid mellom hjelpetenestene. Du er godt kjent med plikta til å undersøkja og gjennomføra tiltak. Du vil saman med medarbeidarane ha eit høgt fokus på samarbeid.
- 3-årig høgskuleutdanning, barnevernspedagog, sosionom eller anna relevant utdanning.
- Praksis frå kjernebarnevern
- Ynskjeleg at du har erfaring med tverrfagleg samarbeid med PPT, skulehelseteneste og helsestasjon.
- Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg. Ulvik herad nyttar nynorsk som skriftsspråk.
- Utviklings- og resultatorientert og likar utfordringar
- Har kunnskap om offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
Du har stor forståing for heradet sine mål og tenester, du er samfunnsengasjert og trygg i rolla som barneverntilsett. Du må ha evne til å analysera komplekse problemstillingar, vera medviten eiga dømmekraft, evne til å handla klokt og ha mot til å ta avgjerd. Den som vert tilsett ynskjer å vera med på å byggja ein kultur for nyskaping ,læring, godt tverrfagleg arbeidsmiljø, med høg etisk verdi.
Me tilbyr
Du vil bli ein del av eit inspirerande tverrfagleg arbeidsmiljø med engasjerte kollega som har høg fagkompetanse. Arbeidet skjer i ein dynamisk tverrfagleg organisasjon med høve til å ta initiativ til nyskapning.
- Som nytilsett får du opplæring, fast rettleiing, gode faglege tilhøve for utvikling.
- Løn etter tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk og hjelp til å finne bustad.
Søknad og politiattest
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram ny politiattest
- intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Spørsmål om stillinga kan stillast til einingsleiar for SPIRA
Eyvind Eidhammer, tlf: 40007189
E-post: eyvind.eidhammer@ulvik.kommune.no
Søk elektronisk her
Merk søknad med saksnr. 24/1222
Søknadsfrist: 26. september, 2024