Ledig 100% fast stilling som assisterande rektor/rådgjevar

Brakanes barne- og ungdomsskule har ledig 100% fast stilling som assisterande rektor/rådgjevar.

Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året. I tillegg er det eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med Poesifestival, lyden av Ulvik, Sommarfestival, blueshelg, Finsejazz og mykje meir! For meir informasjon,  besøk heimesida vår www.ulvik.kommune.no eller www.visitulvik.no 

 

Brakanes barne- og ungdomsskule er ein fulldelt  1.-10. skule. Skulen har 141 elevar og ligg midt i sentrum av «Perla i Hardanger»- Ulvik Herad. Skulen har gangavstand til gardsbruk, strand, bibliotek, kino, idrettsanlegg mm.  Skulen har flott naturomgjevnad med uteskuleområde, symjebasseng, fleirbrukshall, skuleplass med ballbinge og aktivitetspark. 

 

Me søkjer etter deg som kan vidareføra og vidareutvikla arbeidet med å skapa ein god skule for alle, gje alle elevane eit inkluderande og trygt læringsmiljø, vera med å leia læreplanarbeid, fagfornying, er med leiinga  på å leggja strategiske føringar for framtida, vera ein pådrivar for å utvikla profesjonssamarbeidet og vidareutvikla skulen slik at elevane er godt rusta til å ta del i samfunnet.  

Me ynskjer ein assisterande rektor/rådgjevar som spreiar arbeidsglede mellom dei tilsette, og nyttar kompetansen deira til det beste for elevane og utviklinga av skulen.  

 

Assisterande rektor skal saman med rektor, leiargruppa, tilsette og føresette byggja eit godt lag kring elevane. 

Administrasjonen til skulen er sett saman av rektor, assisterande rektor, lagleiarar, spesialkonsulent og konsulent.

Ulvik herad har kommunalsjef for oppvekst som er rektor sin næraste leiar. 

Heradet har interkommunalt samarbeid med Hardanger- og Voss kompetanseregion.  

 

Hovudsatsinga til skulen er: 

  • Inkluderande skulemiljø 
  • Vidare utvikling av organisasjonskultur 
  • Leseutvikling 

 

Arbeidsoppgåver 

 

Som assisterande rektor vil du få hovudansvar for:

  • Vikarhandtering
  • Timeplanlegging i samarbeid med rektor
  • Koordinering av  spesped/ressursteam
  • Utviklingsarbeid i samarbeid med rektor
  • Leseutvikling 1.-10. trinn. 
  • Noko undervsining.

 

Som rådgjevar vil du ha i oppgåve:

  • Å hjelpa den einskilde elev med å finna seg til rette i opplæringa. 
  • Hjelpa elevane med personlege, sosiale og emosjonelle utfordringar som kan ha innverknad for eleven si opplæring og sosiale forhold på skulen. 
  • Val av utdanning og yrke
  • Informasjon om utdanningsveg i Norge og andre land
  • Å bruka ulike rådgjevingsverktøy

 

 

Kvalifikasjonar 

  • Du må ha godkjent lærarutdanning og praksis frå skule.  
  • Relevant erfaring og/eller vidareutdanning innan leiing er ein fordel. 
  • Utdanning og/eller praksis som rådgjevar er ynskeleg.
  • Utdanning innan spesialpedagogikk, leseutvikling eller begynnaropplæring er ynskeleg.

 

Personlege eigenskapar vert vektlagt og me søkjer deg som: 

  • Har ein raus leiarstil, er til stades og ser kvar einskild elev og tilsett som ein     ressurs.  
  • Er oppteken av læringsarbeidet og utviklinga til elevane.
  • Er pådrivar i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid gjennom skulebasert kompetanseutvikling. 
  • Er trygg og modig leiar som ynskjer å vera synleg i skulekvardagen.  
  • Har god relasjonell veremåte.
  • Kan samarbeida med dei ulike i skulesamfunnet.
    • Er lyttande, tydeleg, resultatorientert, strukturert og har god evne til å gjennomføra i saman med rektor.

 

 

Me tilbyr: 

  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver. 
  • Løn etter avtale. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar. 
  • Flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk og hjelp til å finne bustad. 
  • Kompetent personale.

 

Som assisterande rektor på Brakanes barne- og ungdomsskule får du ein allsidig og utfordrande leiarstilling i eit kompetent fagmiljø.

 

 

Send søknad inn digitalt på www.Ulvik.kommune.no 

merk søknaden med saksnummer 23/1044

Du finn digitalt søknadsskjema under « ledige stillingar».

 

Tilsetjing: Snarast mogeleg. 

 

Søknadsfrist:  8. desember,  2023 

For nærare opplysningar, ta kontakt med rektor Anne Hjelmevoll, mob.  40007172 eller kommunalsjef for oppvekst Åshild Søvik Underdal, mob. 41866970. 

Til toppen