Deltidsjobb på Turistkontoret

Illustrasjon ledig stilling - Klikk for stort bilete

Har du lyst til å vere vertskap i perla i Hardanger?

Ulvik herad søkjer ekstrahjelp til turistinformasjonen frå 1. februar.

Arbeidet vil i hovudsak vere å informere om tilboda i Ulvik og i regionen, svare på førespurnader på e-post og telefon.

Du bør vere godt kjend i Ulvik, Hardanger og Voss, skrive godt både norsk og engelsk, og vere positiv og serviceinnstilt

Arbeidstida er annakvar helg og feriar. I hovudsesong april til oktober kan det bli aktuelt å utvide arbeidstida.

Aldersgrense 16 år

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med nærings- og reiselivssjef

Mona H Hellesnes, e-post mona.hellesnes@ulvik.kommune.no Tlf 40 00 71 96

Send søknad digitalt og merk med saksnummer 22/954

Til toppen