Oppdatert om koronavaksinasjon, oppfriskingsdose:

 

Vaksinering av personar over 65 er no i mål. Dersom nokon er gløymde eller av andre grunnar ikkje har fått sin oppfriskingsdose, er det berre å ta kontakt.

Etter nyttår held vi fram med vaksinering kvar torsdag, på Elvatun frå kl 16-19. Desse gruppene står for tur:

  • aldersgruppa 45-64 år
  • gruppa 18-45 med tilleggssjukdommar som gir auka risiko ved covid-sjukdom
  • alle 18-44 år
  • Vi prioriterer personalet i skule og barnehage

 

Dei som har gjennomgått covid-19 tidlegare og har fått 1 vaksinedose, skal også ha tilbod om oppfriskingsdose.

16-17-åringar som ikkje har fått dose 2, må og melda seg.

 

Hugs at det skal vera 4,5 månadar eller 20 veker frå 2.dose til 3.dose, dette gjeld alle over 18 år. Vi ber no folk melda seg på til vaksinasjon sjølve. Først-til-mølla. Ring tlf 56527051, telefontid 13-15 alle kvardagar etter nyttår, for å få eit tidspunkt til vaksinasjon. Du kan og senda ei e-melding til legekontoret via helsenorge.no

 

Her kan du lesa om tilrådd vaksinasjon for ulike grupper: Koronavaksine - informasjon til befolkningen - FHI

Helsing kommunelege og vaksinekoordinator

Til toppen