Oppdatert koronainformasjon

Vaksinasjon: Vi vaksinerer 1 dag per veke, torsdagar på Elvatun. Dei fleste i aldersgruppa over 65 år vil ha fått sin oppfriskingsdose (3.dose) før jul, dei siste får innan dei 3 første vekene i januar. Helsepersonell med pasientnært arbeid er vaksinerte med oppfriskingsdose ved slutten av veke 47.

Ta kontakt med legekontoret 56527040 dersom

  • Du er 65 år eller eldre og IKKJE har fått innkalling til dose 3
  • Du er yngre og av ein el annan grunn ikkje har fått dose 1 eller 2. Dette kan t.d gjelda dei som har utsett vaksine grunna svangerskap, ungdom over 16 år som har fått berre 1 dose, andre som ikkje er fullvaksinerte

Testing: ved Omsorgstunet som før, måndag-onsdag-fredag kl 11. Ring legekontoret på førehand. I veka mellom jul og nyår vert all testing gjort som hurtigtest, då det er vanskeleg med sending av prøvar. (Ved særskilt situasjon t.d ved utbrot av smitte, finn vi sjølvsagt løysingar for transport til laboratoriet)

 

Råd når smitten aukar: Det er aukande smitte over heile landet. Bergen og kommunane omkring opplever høge smittetal, og sjukehusa er fulle av både covid-pasientar og personar med andre luftvegsinfeksjonar. Det er viktig å beskytta seg sjølv og omgjevnadane sine. Vi har ingen strenge reglar lenger, men nasjonale råd. Framleis legg Folkehelseinstituttet oss på minnet at generelle smitteverntiltak er viktige:

Smittevernråd for befolkningen - FHI

Våre råd til befolkninga i Ulvik er dei same:

  • God hand- og hostehygiene
  • Halda oss heime når vi er sjuke og ha låg terskel for å testa oss ved nyoppståtte luftvegssymptom, gjerne sjølvtest. Alle positive sjølvtestar skal stadfestast av PCR-prøve. Legekontoret deler ut sjølvtestar der vi vurderer det som viktig å avklara smitte (nærkontaktar, personar som jobbar i skule, barnehage og helse- og omsorg, uvaksinerte born med symptom)
  • Også fullvaksinerte kan verta smitta, så rådet om testing gjeld og for dei
  • Det å halda avstand er framleis lurt, om det ikkje lenger er påbode.
  • Munnbind kan nyttast dersom ein er i folkerike forsamlingar der det er vanskeleg å halda avstand.
  • Skal du til Bergen før jul? Der er det påbod om munnbind i kjøpesentra og kollektivtrafikk. Ver ekstra obs etter ein bergenstur, test deg ved symptom!

Helsing kommunelegen.

Til toppen