Nye nasjonale føringar for å dempe korona-pandemien frå 09.12.2021

 

 

 

 

 

 

 

 

Regjeringa har bestemt å innføra ei rekkje tiltak for å få ned belastninga på helsetenesta og avgrensa spreiing av Omikron-viruset.

Dei nye reglane og tilrådingane vert innført frå kl. 24.00 natt til 9. desember og gjeld i 4 veker.

Reglar:

  • Hald 1 meter til andre. Denne regelen gjeld ikkje barn i barnehage eller barneskule, eller vaksne som jobbar med tenester for barn og unge og sårbare grupper.
  • Påbod om munnbind der det ikkje er mogleg å halda 1 meters avstand, t.d. butikkar, kollektivtransport, etc.
  • Det er skjenkestopp kl. 24.00, alkohol kan berre serverast ved bordet.
  • Maks 20 personar innandørs på private samankomster på offentleg stad.
  • Maks 50 personar på offentlege innandørs arrangement utan faste tilviste plassar.
  • 3 x kohortar av 200 personar med 2 meters avstand mellom kohortane på offentleg innandørs arrangement med tilviste plassar.
  • Minnestund etter gravferder kan maks ha 50 personar innandørs. Under seremoni i kyrkja er det 1-meters regelen som gjeld.
  • Påbod om smittevernforsvarleg drift av barnehagar og skular, innføring av trafikklysmodellen igjen.
  • Påbod om at arbeidsgjevar legg til rette for heimekontor der det er mogleg. Unnataket er tenester som krev at ein er tilstades, for eksempel for å ivareta born og sårbare grupper.
  • Karanteneplikt for nærkontaktar av ein stadfesta Omikron-smitta blir utvida til andre nærkontakter, ikkje berre husstandsmedlemer. Legen vil opplysa om det er mistanke om Omikron-smitte.

 

Tilrådingar:

  • Reduser tal kontaktar.
  • Ha maks 10 gjestar heime, hustandsmedlemar er ikkje med i dette talet. Ein kan ha inntil 20 personar heime ein gong i julehøgtida.
  • Fritidsaktivitetar bør gjennomførast utandørs viss mogleg. Garderobar bør haldast stengt.
  • Ved organiserte fritidsaktivitetar for vaksne over 20 år, bør det ikkje vera fleire enn 20 i gruppa. Ein bør halda 1 meters avstand der det er mogleg, ved høgintensitet trening bør ein halda 2 meter. Det er ikkje lagt opp til avstandsråd eller avgrensing i tal deltakarar for barn og unge under 20 år.
  • Det kan arrangerast samankomster for born i barnehage eller i barneskule med heile klassar/grupper med nødvendig tal vaksne tilstades.

 

For meir informasjon, klikk på lenkje under:

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/nye-nasjonale-smitteverntiltak-for-a-beholde-kontrollen/id2891395/

Til toppen