Nye nasjonal tiltak frå 15. desember 2021

 

Regjeringa har innført nye tiltak med bakgrunn i auka smitte i samfunnet. Dei forskriftsfesta tiltaka trer i kraft frå natt til onsdag 15. desember, og gjeld i 4 veker.

 

 

Forskriftsfesta tiltak

For arrangement gjeld desse reglane

  • Maks 20 personar innandørs på private samankomster på offentleg stad. Utandørs kan det vera opptil 50 personar.
  • Minnestund etter gravferder og bisettelser kan ha maks 50 personar. Sjølve gravferda vert rekna som eit offentleg arrangement, sjå nedanfor.
  • Maks 20 personar på offentlege innandørs arrangement utan faste tilviste sitjeplassar og 50 personar ved faste sitjeplassar. (nytt)
  • På utandørs offentleg arrangement: Inntil 100 personar uten faste, tilviste plassar og inntil 200 x 3 med faste, tilviste plassar. (nytt)
  • Arrangøren skal sørge for at alle held minst 1 meters avstand til andre som ikkje er i same husstand eller er tilsvarande nære. Unntak for nokre grupper, bl.a. utøvarar på kultur- og idrettsarrangement, og dei som er i same kohort i barnehage eller barneskule.
  • På arrangement der alle i publikum sit på faste tilviste plassar er det tilstrekkeleg med minst eitt ledig sete mellom. Personar frå same husstand kan sitja nærare.
  • Arrangører skal ha oversikt over kor einskildgjesten set ved faste tilviste sitjeplassar. (nytt)
  • Påbod om at serveringsstad sørger for at alle kan halda 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemar.
  • Skjenkestopp på arrangement, inne og ute. (nytt)
  • Det er påbod om munnbind innandørs på arrangement. (nytt)

 

Smittevernfagleg forsvarleg drift

  • Påbud om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skular og anna opplærings- og utdanningsverksemd.
  • Fornøyelsesparkar, leikeland, spelehallar og liknande skal halda stengt. (nytt)
  • Symjehallar, badeland, spaanlegg og hotellbasseng, og treningssentre kan berre haldast opne for: (nytt)
    • individuell trening. Ved trening med høg intensitet skal det haldast 2 meter avstand.
    • skulesymjing, symjekurs, symjetrening og symjekonkurransar med arrangør.
    • rehabilitering og opptrening individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
    • annen individuell behandling med timebestillig og der bad er del av behandlinga.
  • Fylgjande verksemder skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å halda ope: Bibliotek, museum, bingohaller, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssentre, kjøpesentre, butikkar, varemesser, marknader og liknande.
    • Krav om 1 meters avstand, og rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.
  • Bransjerettleiarar bør innførast på nytt for treningssentre og symjehallar. Det betyr i praksis at det blir strengare krav til smittevern.

Munnbind

Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halda minst 1 meters avstand i butikkar, kjøpesentre, serveringsstadar, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld også for tilsette med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierer. Munnbindpåbodet gjeld ikkje når ein sit ved eit bord på serveringsstad eller inntar mat eller drikke sitjande. (nytt)

 

Heimekontor

Påbod om at arbeidsgjevarar syter for at tilsette jobbar heimefrå om dette er praktisk mogleg og ikkje til hinder for viktig og nødvendig verksemd på arbeidsplassen, blant anna for å ivareta barn og sårbare grupper. (justert)

 

Karantene

Det er no same reglar for isolasjon og karantene uavhengig av virusvariant. Karanteneplikt for husstandsmedlemar og tilsvarande nære med høve for å testa seg ut etter 7 dagar. Øvrige nærkontaktar kan testa seg ut etter 3 dagar, men fortsatt vera i fritidskarantene til negativ test etter 7 dagar. (nytt)
Se egen nyhetssak om TISK og karantene.

 

Skular

Alle barnehagar, barne- og ungdomsskular skal drivast på gult nivå.

Vidaregåande skular og vaksenopplæring skal ha raudt nivå.

Universitet, høgskular, fagskular må tilretteleggja for digital undervisning.

 

Tilrådingar

Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjestar heime, i tillegg til dei som er i husstanden. Ein kan ha inntil 20 gjestar ein gong i løpet av jule- og nyttårshøgtida, , i tillegg til dei som er i husstanden. Det bør vera 1 meters avstand mellom gjestane. Alle må tenke gjennom kor mange nærkontaktar ein har samla sett.

 

Barn i barnehager og barneskular kan ha besøk fra eigen kohort/klasse/avdeling sjølv om det overstig tal anbefalte gjestar.

Reduser tal nærkontaktar, men ikkje isoler deg. Treff andre utandørs når det er mogleg.

 

For meir informasjon, sjå lenkje:

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/strengere-nasjonale-tiltak-for-a-begrense-smitten/id2892042/

 

Me anbefaler tur i skog og mark, gå gjerne opp i Åsen og sjå den fine dagturhytta i Ulvik!

 

Til toppen