Koronapandemien: Oppdatert informasjon om reglar og tilrådingar 03.12.2021

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bergen kommune og kringliggjande kommunar innfører regional smittevernforskrift frå 03.12.2021, kl. 21.00, men Ulvik er ikkje del av denne forskrifta pr. no. I Ulvik herad er det dei nasjonale reglane og tilrådingane som gjeld:

Reglar

  • Om du bur ilag med ein koronasmitta person, må du halda deg heime i karantene til du har fått svar på ein negativ test (gjeld tilsvarande nære, f. eks. kjærastar, som ikkje bur saman). Om du er vaksinert, kan du ved negativ test gå ut av karantene, men pliktar å testa deg på nytt etter sju dagar. Om du er uvaksinert, kan du ved negativ test gå ut av karantene, men plikter å testa deg dagleg i sju dagar med hurtigtest eller annakvar dag med PCR-test. Barn som bur saman med ein koronasmitta person er ikkje plikta til å testa seg, men dette er ei tilråding. Om det er mistanke om omikron-smitte, er det andre reglar som gjeld, legen vil i så fall informera om det.
     
  • Om du er smitta av Covid-19, må du vera isolert i 5 dagar. Dette gjeld anten du er vaksinert eller ikkje. I tillegg må du ha vore feberfri i 24 timar før du går ut av isolasjon.


Regjeringa har kome med nye tilrådingar for å forseinka spreiing av Omikron-varianten:

  • Hald avstand til andre, gjerne 1 meter der det er mogleg. Unngå klemming og handhelsing
  • Vaksne bør redusera tal nærkontakter
  • Det er råd om å bruka munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesta
  • Det er råd om å bruka munnbind på kollektivtransport, taxi, i butikkar og på kjøpesenter der ein ikkje kan halda 1 meters avstand.
  • Det er råd om heimekontor der det er mogleg (For å redusera tal personar på kollektivtransport, i opne kontorlandskap, etc)

Det er viktig å hugsa på at når du reiser til ein anna kommune, må du overhalda smitteverntiltaka som gjeld i den kommunen. Eitt eksempel er at det er påbod om munnbind i butikkar og på kollektivtransport på Voss og i Bergen.

Til toppen