Koronainformasjon pr. 11. januar 2022

Det er ei generell auke i koronasmitten i samfunnet, dette gjeld òg Ulvik. 

Pr. 11. januar er det eit par smittetilfelle blant barnehagebarn og Ulvik barnehage held 1 avdeling stengt denne veka.

 

Ulvik omsorgstun har hatt eit par smittetilfelle blant tilsette, og det vil bli innført regelmessig testing av tilsette framover.

 

I tillegg har det vore andre smittetilfelle i Ulvik, totalt har Ulvik hatt 25 koronasmitta innbyggjarar sidan årsskiftet.


Me vil oppmoda alle innbyggjarane våre om å fylgja nasjonale råd og reglar, sjå lenkje:
https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/nasjonale-rad-og-regler/id2890588/

Ulvik er godt i rute med vaksinasjonen, og vaksineringa held fram dei neste vekene.


Me vil oppmoda alle om å fylgja smittervernråda: Hald avstand, vask hender og bruk munnbind der du ikkje kan halda minst 1 meters avstand.

Beste helsing
Ulvik herad
 

Til toppen