Koronainformasjon: Nye nasjonale tiltak frå 1. desember 2021

 

Nasjonale myndigheter har innført to nye reglar:

 

 

 

 

 

 

  • Om du bur ilag med ein koronasmitta person, må du halda deg heime i karantene til du har fått svar på ein negativ test (gjeld tilsvarande nære, f. eks. kjærastar, som ikkje bur saman). Om du er vaksinert, kan du ved negativ test gå ut av karantene, men pliktar å testa deg på nytt etter sju dagar. Om du er uvaksinert, kan du ved negativ test gå ut av karantene, men plikter å testa deg dagleg i sju dagar med hurtigtest eller annakvar dag med PCR-test. Barn som bur saman med ein koronasmitta person er ikkje plikta til å testa seg, men dette er ei tilråding.
     
  • Om du er smitta av Covid-19, må du vera isolert i 5 dagar. Dette gjeld anten du er vaksinert eller ikkje. I tillegg må du ha vore feberfri i 24 timar før du går ut av isolasjon.
     

Regjeringa har innført fylgjande nasjonale tilrådingar:

  • Bruk munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesta.
  • Bruk munnbind på kollektivtransport, i taxi, i butikkar og på kjøpesentre der det ikkje er mogleg å halda 1-meters avstand.
Til toppen