Har du ei samfunnskritisk stilling og behov for barnepass?

ei presisering frå Ulvik herad

Presisering: Dette tilbodet vert primært ytt til familiar der alle tilgjengelege omsorgspersonar har samfunnskritiske funksjonar – og anna barnepass ikkje er mogleg.

VIKTIG INFORMASJON TIL ARBEIDSGJEVARAR OG ARBEIDSTAKARAR: 

Er du tilsett i helse- og omsorgstenesta, eller andre kritiske samfunnsfunksjonar, og har behov for barnepass til barnehageborn eller born i småskulen? Så langt det er mogleg må du prøva å finna ei løysing for at barnet kan vera heime. Viss familien er i ein slik situasjon at dette ikkje let seg løysa, må du melda dette til eigen arbeidsgjevar. Det er arbeidsgjevar som melder frå til kommunen om omsorgsbehov.

Omsorgsbehov kan meldast til Brakanes skule ved rektor eller til Ulvik barnehage ved styrar innan måndag 16.mars kl.10.00.

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 17.03.2020