Info frå legekontoret og fysioterapitenesta

For legekontoret gjeld: 

 

  • Legekontor og helsestasjon er åpne, men har redusert kapasitet og må omprioritera oppgåvene.
  • Alle skal få naudsynt helsehjelp. Alvorleg sjukdom eller mistanke om dette skal vi ta oss av som før. Det som kan utsetjast:
  • Kontrollar for kronisk sjukdom der du opplever situasjonen som uendra.
  • Fornying av helseattest for førarkort (unnateke for yrkessjåførar)
  • Andre problemstillingar som du ikkje oppfattar som kritisk
  • Nokre ting kan ordnast over telefon eller e-dialog via www.helsenorge.no
  • Sjukmelding ved mistenkt smitte av covid-19, heimekarantene o.likn kan gjerast utan oppmøte.
  • Ved symptom på luftvegsinfeksjon med hoste, feber, tung pust: RING LEGEKONTORET, ikkje kom på døra. Legen vurderer vidare tiltak, t.d heimebesøk.
  • Venterommet er endra av omsyn til smittevernet: Ingen blad, strikketøy eller leiker. Max 5 personar samstundes på venterommet. Det står eit par stolar på korridoren også.
  • Helsestasjonen gir vaksinar og kontrollar til born 0-1,5 år som vanleg. For eldre born vert kontrollar utsett.

 

For fysioterapitenesta gjeld: 

  • For å stoppe spreiing av Covid-19 og bidra til å oppretthalda nødvendige helse- og omsorgstenester fattar Helsedirektoratet med dette vedtak etter smittevernlova: fysioterapitjenesta skal halda stengt med umiddelbar virkning frå 16.03.20.

  • Din fysioterapeut vil ta kontakt med deg i løpet av kort tid for avklaring omkring vidare forløp. Har du spørsmål kontakt anten Trude Fosse tlf. 4000 7193 eller Stine Øvsthus 4000 7192 kvardager mellom kl. 09.00-15.00

 

Generelle henvendingar omkring beredskapssituasjonen for Ulvik herad rettast til rådmann Thore Hopperstad på tlf 4000 7158.

Medisinske spørsmål skal rettast til helsesjukepleiar Gunnlaug Lekve på tlf 4000 7143.

Sist endra 16.03.2020