Info frå legekontoret, fysioterapitenesta og helsestasjonen

For legekontoret gjeld: 

 

  • Legekontor og helsestasjon er åpne, men har redusert kapasitet og må omprioritera oppgåvene.
  • Alle skal få naudsynt helsehjelp. Alvorleg sjukdom eller mistanke om dette skal vi ta oss av som før. Det som kan utsetjast:
  • Kontrollar for kronisk sjukdom der du opplever situasjonen som uendra.
  • Fornying av helseattest for førarkort (unnateke for yrkessjåførar)
  • Andre problemstillingar som du ikkje oppfattar som kritisk
  • Nokre ting kan ordnast over telefon eller e-dialog via www.helsenorge.no
  • Sjukmelding ved mistenkt smitte av covid-19, heimekarantene o.likn kan gjerast utan oppmøte.
  • Ved symptom på luftvegsinfeksjon med hoste, feber, tung pust: RING LEGEKONTORET, ikkje kom på døra. Legen vurderer vidare tiltak, t.d heimebesøk.
  • Venterommet er endra av omsyn til smittevernet: Ingen blad, strikketøy eller leiker. Max 2 personar samstundes på venterommet. Det står eit par stolar på korridoren også.

 

For fysioterapitenesta gjeld (les i lenka) 

 

Informasjon  til  brukarar  av  helsestasjonen

Tilbodet  i helsestasjonen, skulehelsetenesta  og helsestasjon for ungdom skal gradvis gjenopprettast til normal drift. Det vil sei at dette skal gjerast i tråd med dei til ei kvar tid gjeldande retningslinjer for smittevern

Me kallar inn de som har fått avbestilt eller utsatt timen dykkar.

Smitteregimet ved helsestasjonen :

  • Barnet og den som følgjer barnet skal ikkje ha symptom på luftvegsinfeksjon.
  • Barn ,foreldre eller ungdom som er i karantene,har symptom på sjukdom skal ikkje kome på helsestasjonen eller til skulehelsetenesta.
  • Til konsultasjon,vaksinasjon,veging og måling kallar me inn brukarane slik at det ikkje vert fleire samstundes på venterommet.
  • Me oppfordrar til å kome til oppsett tid, ikkje før tida. Gje beskjed på sms eller tlf om du vert forseinka på tlf 40007143
  • Kontaktflater,stellematter,vekt og måleutstyr vert reingjort mellom kvar brukar.
  • Leiker og anna utstyr er fjerna frå venterommet.
  • Sprit hender når du kjem og når du går.
  • Heimebesøk av helsessjukepleiar vert erstatta med konsultasjon på helsestasjonen.

 

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar vert no å treffa på skulen måndag og tysdag kl 10-12

Kan verta endringar pga koronatesting.

Tlf  til h.spl er 40007143

 

Helsestasjon  for  ungdom

Open  helsestasjon for ungdom  13-20 år

  • Helsestasjonen held ope onsdagar  frå kl 14.30 – 15.30.
  • Ein må no ringje og avtala tid på førehand. Tlf 40007143

 

Generelle henvendingar omkring beredskapssituasjonen for Ulvik herad rettast til rådman

Thore Hopperstad på tlf 4000 7158.

Medisinske spørsmål skal rettast til helsesjukepleiar Gunnlaug Lekve på tlf 4000 7143.

Sist endra 07.05.2020