Familieliv og utfordringar i koronatid

Ulvik herad saman med helsestasjonen og våre samarbeidspartnarar ønskjer å gje foreldre/føresette nokre råd for å ivareta familien sin på best mogeleg måte i denne ekstraordinære situasjonen me er i. 

Å skapa normalitet i det unormale

Koronavirus har endra kvardagen og familielivet  for dei fleste av oss. Heimeskule, heimebarnehage og heimekontor har blitt den nye normalen for veldig mange. Familiar har ulike måtar å løysa dei nye utfordringane på.

For barn som lever under vanskelege forhold heime, har koronautbruddet blitt ekstra vanskeleg. Når skular, barnehagar, fritidsaktivitetar og andre stader barn møter vaksne er stengt, er det færre som ser korleis dei har det. Og færre trygge vaksne å snakke med.

 

Søk hjelp på telefon og chat

Om  barn og ungdom sjølv opplever heimesituasjonen så vanskeleg at dei treng hjelp fra nokon andre, eller nokon er bekymra for eit barn eller ein ungdom, kan dei kontakte:

Alarmtelefonen for barn og unge:
Ope heile døgnet heile veka. Det er viktig å få tak i profesjonelle vaksne som kan hjelpa. Barn, ungdom og vaksne som er bekymra kan no ringe 116 111 heile døgnet.

Kors på halsen:
Røde Kors sitt samtaletilbod for alle opp til 18 år. Du kan ringe, sende e-post eller chatte og ta opp det som er viktig for deg. Hjå «Kors på halsen» får du snakka med ein vaksen du kan stole på, og som ikkje kan sjå kven du er. Du kan fortelja om alt, både dei gode tinga og det du synes er vondt og vanskeleg. For livet blir faktisk litt lettare når du har nokon å snakka med!

Sidetmedord.no:
Tilbod til alle som treng å dela  tankar og følelsar med nokon. Nettjenesta «Sidetmedord.no» vert drive av Hjelpetelefonen 116 123, Mental Helse. Du kan også chatte via nettsida deira.

Mental Helse sin Foreldresupport:
Døgnopen telefon- og chattetjeneste for omsorgspersonar som treng hjelp, rettleiing eller har behov for å lufte tankane sine med nokon.

Vold- og overgrepslinja 116 006 er ei hjelpelinje for alle som opplever vold eller overgrep i nære relasjonar. Dei har ope døgnet rundt. Du kan snakka om opplevingane dine, få hjelp, råd og svar på spørsmål. Du kan ringje anonymt og tenesta er gratis.

 

Barnevernstenesta
Barn, unge og foreldre som treng  hjelp frå  barnevernet skal også få det under koronapandemien. Sjå meir informasjon om koronasituasjonen og barnevernstenesta på Bufdir sin nettside.

Kontakt Hardanger Barnevern på tlf. 53 65 40 00

Alarmtelefon for barn og unge tlf. 116 111 er ope heile døgnet.

Du kan finne meir informasjon om barnevernvakten i Ulvik herad her.

 

Andre tilbod
Helsestasjonen i Ulvik har ope og kan kontaktast på telefon om det er noko du lurar på. Du kan sende SMS, så ringjer me deg opp att.  Mob: 4000 7143.

 

Om det elles er noko  du treng hjelp til eller ikkje finn svar på, kan du også ta kontakt med heradet på telefon 56 52 70 00 mellom kl. 9-14. Der vil dei prøve å hjelpe deg så langt dei kan.

 

 Korona hotline hjelpetelefon for ungdom

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 31.03.2020