Korona - informasjon
Publisert 03.02.2021
Coronavirus

Situasjonen vedk korona er i rask utvikling, og både internasjonalt og nasjonalt kjem det stadig nye føringar og pålegg for styresmaktene. Dette vil og påverke lokale tiltak og pålegg. Me kjem til å legge ut informasjon her fortløpande.

Trykk deg inn på knappane over for ønska informasjon.  

Sjå elles oppdatert informasjon på Helsenorge.no og på nettsidene til Folkehelseinstituttet. Helsedirektoratet sine nettsider

Publisert 02.03.2021
Coronavirus

No har prøveresultata frå mandag 01.03 kome, og det er ingen nye smittetilfelle i Ulvik.

Publisert 02.03.2021

Så langt har vi kun fått levert avgrensa mengder av Pfizer-vaksinen. Vi er no i ferd med å vaksinera gruppa over 75 år, og med noverande tempo vert det mai før vi er i mål med denne aldersgruppa. Sentrale helsepersonell får også denne vaksinen, vi har nytta 20% av dosane til legane og sjukepleiarane.

Publisert 25.02.2021
Coronavirus

No har prøveresultata frå onsdag 24.02 kome, og det er ingen nye smittetilfelle i Ulvik.

Publisert 23.02.2021
Coronavirus

No har prøveresultata frå mandag 22.02 kome, og det er kome inn 1 nytt positivt prøvesvar på Covid19.  Smittevegen er kjend.

Publisert 20.02.2021
Coronavirus

No har prøveresultatene frå fredag 19.02 kome, og dei viser at det er ingen nye smittetilfeller i Ulvik.

Publisert 20.02.2021
Coronavirus

 No har Ulvik vore gjennom 3 veker med pågåande smitteutbrot og strenge smitteverntiltak. Smittevernlova stiller strenge krav til fagleg grunngjeving for å stenga ned samfunnet. Slik grunn har me absolutt hatt i Ulvik i vekene 4-7. No har smittetrykket minka monaleg, og det er ikkje grunnlag for like strenge tiltak. Det er tvert om viktig å opna opp for tilbod til born og familiar, slik at me unngår alvorlege skadeverknadar av streng nedstenging over lang tid.

Publisert 19.02.2021
Coronavirus

Neste veke er det testing utanfor omsorgstunet, slik som tidlegare. Testdagar er: Mandag, onsdag og fredag, tidspunkt: Kl. 11.00. De tingar testing på legekontoret, 56527040.

 

Ta kontakt med legekontoret for andre helsesjekkar og spørsmål, me har alltid tid til vanlege legekonsultasjonar.

 

Tenestetorget og biblioteket opnar førstkomande mandag og er ope som vanleg.

Me kjem ut med oppdaterte smittetal i morgon kveld!

Publisert 17.02.2021
Coronavirus

Det er kome inn 3 nye positive prøvesvar på Covid19 i dag, dette inkluderer prøvesvar til og med 16.02.2021, alle har kjend smitteveg. Då er det totalt 133 personar som er smitta med Covid 19 i Ulvik.

Vaksinasjon går som planlagt og folk vil motta innkalling til dette.

Publisert 13.02.2021
Coronavirus

Det er kome inn 4 nye positive prøvesvar på Covid19 i løpet av siste døgnet. Då er det totalt 130 personar som er smitta med Covid 19 i Ulvik.