Vaksinasjon i Ulvik:

Så langt har vi kun fått levert avgrensa mengder av Pfizer-vaksinen. Vi er no i ferd med å vaksinera gruppa over 75 år, og med noverande tempo vert det mai før vi er i mål med denne aldersgruppa. Sentrale helsepersonell får også denne vaksinen, vi har nytta 20% av dosane til legane og sjukepleiarane.

Pfizer-vaksinen er tilrådd til alle over 65 år, og dessutan til dei under 65 med risikofaktorar for alvorleg sjukdomsforløp.

Vi får melding frå FHI om kva vaksinedosar vi får tilgang på 2 veker fram i tid.

Så langt har vi ikkje fått nokon leveranse av AstraZeneca-vaksinen. Når vi får denne, vil vi få 100 dosar levert. Da er det først og fremst helsepersonell som skal prioriterast. Og så skal denne vaksinen nyttast til aldergruppene under 65 år. (Dei utan tilleggsrisikofaktorar).

Andre vaksinar (Moderna, m.fl) har vi så langt ikkje tilgang på.

Ulvik følgjer nasjonal prioriteringsstrategi. Dersom denne endrar seg, kan også vår vaksinasjonsplan verta justert.

 

 

Kommuneoverlegen.

Sist endra 02.03.2021