Ny informasjon vedr Covidsmitte 03.02.2021. Presisering
03.02.2021: NY INFORMASJON VEDRØRANDE COVID-SMITTE I ULVIK UTVIDA KARANTENETID
Lokal smittevernforskrift- arabisk
Regulation regarding infection control, Ulvik herad, Vestland
02.02.2021: NY INFORMASJON VEDRØRANDE COVID-SMITTE I ULVIK – 18 NYE PERSONAR HAR PÅVIST SMITTE
2. februar
NY INFORMASJON VEDRØRANDE COVID-SMITTE I ULVIK 02.02.2021
1.februar
NY INFORMASJON VEDRØRANDE COVID-SMITTE I ULVIK 01.02.2021
31.januar
Føresegn om smitteverntiltak, Ulvik herad, Vestland
PRESSEMELDING - NY INFORMASJON VEDRØRANDE COVID-SMITTE I ULVIK 31.01.2021
30.januar
30.01.2021.NY INFORMASJON VEDRØRANDE COVID-SMITTE I ULVIK
29.januar
NY INFORMASJON VEDRØRANDE COVID-SMITTE I ULVIK 29.01.2021
28.januar
25.januar
Situasjonen i Osloregionen- utvida område - Ulvik herad
21. januar
Ulvik herad føl dei nasjonale reglar og tilrådingar for skjenking
20.januar
Oversikt over nasjonale tiltak frå 20. januar 2021
4.januar 2021
Nye nasjonale råd frå sentrale styresmakter for handtering av koronapandemien for perioden 4. – 18. januar, korleis påverkar det oss i Ulvik?
3.januar 2021-
Det har kome nye nasjonale tilrådingar og krav som landets kommunar skal fylgje. Desse gjeld og for Ulvik herad. Førebels gjeld dette i Ulvik:
-
Ein stor del av administrasjonen har heimekontor, i første omgang fram til 18.januar.
-
All innandørs aktivitet vert avlyst – Dette vil verta kunngjort med oppslag på aktuelle lokale/dører. Utandørsaktivitet er ok om ein klarer å oppretthalda avstand på minst 1 meter).
-
Tenestetorget held ope som vanleg, men med redusert bemanning.
Det vil vera møte i kommunal kriseleiing i morgon. Evt nye eller endra restriksjonar vil verta kunngjort. Spel gjerne inn evt spørsmål og problemstillingar ved å kontakta Tenestetorget.
18.desember 2020
KKL og kommuneoverlegen vil oppdatera innbyggjarane våre om korleis vi no vurderer smittesituasjonen kring covid-19 lokalt. Det er fleire som kjenner seg utrygge og folk har mange spørsmål.
Som sikkert alle har fått med seg, har vi eit litt auka smittepress i nærområdet vårt no i november, med nokre smittetilfelle i Voss og mange i Bergen. Vi må rekna med at det på eit tidspunkt kan koma lokalt smitteutbrot også i Ulvik. Innbyggjarane skal vera trygge på følgjande:
-
Den lokale helsetenesta er førebudd på å ta hand om smittetilfelle
-
Legekontoret og dei andre helse- og omsorgstenestene har rutinar i arbeidsdagen slik at ikkje alle vert kvarandre sine nærkontaktar dersom smitte skulle oppstå. Fleire av oss kan arbeida frå heimekontor om vi skulle havna i karantene.
-
vi har god testkapasitet og gode rutinar ved teststasjonen på Omsorgstunet, mange dyktige tilsette som tek testar og kan auka talet på testar ved behov
-
vi har dedikerte personar til smittesporing, slik at oppstått smitte kan avgrensast så raskt som råd
-
Kommunal kriseleiing vil samlast (helst ved nettmøte) på kort varsel dersom situasjonen endrar seg i heradet
Per i dag har Ulvik ikkje vedteke andre og strengare reglar og tilrådingar enn dei som gjeld generelt for landet. Vi minner kvarandre om intensjonen i alle råd og reglar (dei spesifikke reglane for kor mange som kan samlast i ulike høve, skjenketider mm kan ein lesa annan stad):
-
Alle skal på fritida halda seg mest mogeleg heime saman med sine
-
Alle skal avgrensa dei sosiale kontaktane sine (tal kontaktar) mest mogeleg
-
Når ein er på stader der det er mange folk, skal ein halda god avstand, minst 1 meter.
-
Når det ikkje er råd å halda god avstand, skal ein nytta munnbind. Dette gjeld t.d ved tur til butikk på Voss eller ved bruk av kollektivtransport.
-
Vaska hender, sprita hender, halda seg heime når ein er sjuk /har nye luftvegssymptom
Dette kan du gjera utan restriksjonar:
-
Bruk tid utandørs, gå tur med familien eller ein ven, hugs refleks!
-
Pynt huset ditt og gjer andre kjekke førebuingar til jul
-
Tenn lys og kos deg inne
-
Ikkje ver redd, stol på deg sjølv og dei andre- at vi alle gjer så godt vi kan.
Vi skal leva godt saman gjennom denne vinteren og, trass i litt meir luft mellom oss!