Oppdatert informasjon om vaksinasjon i Ulvik

Coronavirus - Klikk for stort bilete Me er ferdige med 1. dose koronavaksine til alle over 75 år den første veka etter påske. I samsvar med nasjonale prioriteringar startar me då på neste gruppe.

Me gjev vaksine først til personar i aldersgruppa 18-65 år med høg risiko for alvorleg sjukdomsforløp, før me startar på den store gruppa 65 år+.

 

Det kan henda at det er innbyggjarar me har oversett i listene våre. Me ber om at fylgjande personar tek kontakt med legekontoret på tlf: 56527040:

  • Du som er over 75 år og enno ikkje er kalla inn til vaksinasjon
  • Du som meiner å vera i gruppa med høg risiko for alvorleg sjukdomsforløp

Legane våre har laga prioriteringslister, men det kan vera at me ikkje har oversikt over alle, og me ynskjer absolutt ikkje å oversjå nokon.

 

Helsing

Kommuneoverlege Unni Solem

Sist endra 26.03.2021