FORSKING PÅ KORONAUTBROTET I ULVIK

Forskning - Klikk for stort bilete Smitteutbrotet i februar 2021 var ei dramatisk hending med store utfordringar for alle i Ulvik, også dei som ikkje vart smitta. 

Helsetenesta i heradet ynskjer no å undersøke kva verknad utbrotet fekk for helsa til dei smitta. Mellom anna ynskjer vi kunnskap om korleis sjukdomen arta seg for den einskilde og for lokalsamfunnet, korleis sjukdomen arta seg i ulike aldersgrupper, og korleis viruset endra seg etter kvart som det spreidde seg. For å gjere best mogleg forsking, har Ulvik herad inngått eit samarbeid med Haukeland universitetssjukehus(Mikrobiologisk avdeling), Universitetet i Bergen og NORCE.

Av dei smitta i Ulvik var om lag halvparten under 20 år. Det finst lite kunnskap om korleis born reagerer på den spesielle sars-CoV-2 virustypen som ramma Ulvik, og ved å inkludere born i undersøkingane vil utbrotet i Ulvik kunne gi verdfull kunnskap om sjukdomsutviklinga i den oppveksande generasjonen.

Forskinga vil utførast i regi av helsetenesta i heradet. Pasientane vil bli inviterte til eit møte med helsepersonell for å svare på spørsmål knytt til sjukdomsoppleving for den einskilde. Alle virusprøvar som er tekne tidlegare, skal undersøkast vidare for å sjå på korleis viruset endra seg frå starten til slutten av utbrotet.

For å få kunnskap om korleis viruset verka inn på kroppen til den smitta, vert alle pasientane dessutan spurt om dei vil gi blodprøve. Føremålet med blodprøvane er å gi svar på korleis viruset verka inn på den einskilde sitt immunsystem. Vi vil få assistanse av personell frå barneavdelinga på Haukeland for å ta blodprøvar av dei mindre borna. Foreldre kan be om at dei minste slepp blodprøve, og dei vil likevel vera med i resten av forskingsprosjektet.

All deltaking vil vere frivillig, og alle data som vert samla inn vert handsama som konfidensiell informasjon.  Forskingsprosjektet skal godkjennast av Regional etisk komité.

 

Dei som har vore alvorleg sjuke og som enno slit med etterverknad av infeksjonen, skal sjølvsagt få oppfølging av oss i den lokale helsetenesta, både av legane og fysioterapeutane. Forskinga kjem i tillegg. Vi ønsker at det skal koma noko godt ut av den vonde erfaringa mange har vore gjennom, og at vårt vesle lokalsamfunn kan bidra til auka kunnskap om viruset. Det kan koma  til nytte både for befolkninga vår og for mange andre.

Vi oppmodar alle som har vore smitta om å delta! De vil få tilsendt informasjon og invitasjon om kort tid.

 

Helsing kommuneoverlegen. 

Publisert av Claudia Saathoff. Sist endra 05.03.2021