Det er testing utanfor omsorgstunet neste veke mandag, onsdag og fredag, kl 11.00. De tingar testing ved å ringja til legekontoret, telefon: 56527040.
Me er no ferdige med massetesting, no er det personar med symptom som skal testa seg, eller personar som har fått melding frå helsepersonell om å testa seg.
Frå måndag er det ope for besøk på omsorgstunet kl. 16 – 19 om dagane, det bør vera 1 – 2 faste personar pr bebuar pr veke. Besøkande nyttar inngang frå terrassen til rommet.
Retningsliner for besøkende ved Ulvik omsorgstun:
-
Hugs god hand- og hostehygiene. Sprites inn og ut av omsorgstunet
-
Hald avstand til dei tilsette.
-
Får du symptom på luftveisinfeksjon, må du halde deg heime, og du bør ta ein test.
-
Skriv opp namnet dykkar når de har vore på besøk (Dette gjer ei eventuell smittesporing enklare)
Det er viktig at me har fokus på å overhalda smitteverntiltak sjølv om me ser at smittetala går ned. Kommuneleiinga og ordførar vil ynskja alle innbyggjarane ei riktig fin helg!
Helsing
Hans Petter Thorbjørnsen
Ordførar Ulvik herad